Miljødirektoratet jobbar for eit reint og rikt miljø. Våre hovudoppgåver er å redusere klimagassutslepp, forvalte norsk natur og hindre forureining. Vi er eit statleg forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant 700 tilsette ved våre to kontor i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine omlag 60 lokalkontor.

Har du lyst til å jobbe med kulturlandskap i Miljødirektoratet?

Vikariat som rådgivar/seniorrådgivar til arbeid med kulturlandskap og naturtypar i Miljødirektoratet.

Vi søker ein engasjert og strukturert medarbeidar som ønsker å bidra til å styrke arbeidet med kulturlandskap og naturtypar som er avhengig av skjøtsel.

Miljødirektoratet har vore gjennom ei omorganisering hausten 2018 og stillinga vil frå januar 2019 ligge i den nyoppretta seksjon for trua arter og naturtypar som ein av seks seksjonar i Avdeling land og friluftsliv. Seksjonen vil blant anna få ansvar for Miljødirektoratet sitt arbeid med kulturlandskap og utvalde naturtypar. Seksjonen har nært samarbeid med Fylkesmennene og med styresmakter og organisasjonar innanfor ei rekkje sektorar. Seksjonen deltek i utviklinga av ei meir økosystembasert forvalting mellom anna for naturtypekartlegging, miljøovervaking, økologisk infrastruktur og nytt system for klassifisering av økologisk tilstand. I tillegg vil seksjonen ha ansvar for arbeid med trua arter, samt internasjonale konvensjonar og avtaler.

Seksjonen vil etter omorganiseringa ha omlag 15 medarbeidarar, og har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.

Følgjande oppgåver vil vere sentrale for stillinga

  • Arbeid med kunnskapsgrunnlaget for kulturlandskap og naturtypar som er avhengig av skjøtsel
  • Samarbeide med landbruksstyresmaktene og andre sektorar, mellom anna delta i samarbeidet om Utvalde kulturlandskap
  • Fagleg og administrativ forvalting av tilskotsordningar for trua naturtypar og kulturlandskap
  • Utarbeide/revidere og følgje opp handlingsplanar for Utvalde naturtypar
  • Delta i anna arbeid med utvikling og bruk av arealbaserte verkemiddel for forvalting av naturmangfald.

Kvalifikasjonar

  • Du må ha relevant utdanning på masternivå, innan biologi eller andre naturvitskaplege fag
  • Du må ha god munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Det er ønskeleg at du har erfaring frå offentleg forvalting, og gjerne innan naturforvalting eller landbruksforvalting
  • Det er ønskeleg med kunnskap om norsk landbruk og relevante verkemiddelordningar i landbruket
  • Det er ein fordel om du har erfaring med NiN som system for klassifisering av natur i Noreg, anten gjennom utdanning eller praksis
  • God IKT-kompetanse og erfaring med databasar og kartbaserte verktøy vil vurderast positivt

Eigenskapar

  • Du er løysingsorientert
  • Du arbeider effektivt og sjølvstendig, men trivst også godt med å jobbe i team
  • Du leverer rett kvalitet til rett tid
  • Du har god rolleforståing og kan vurdere heilskap og sjå samanhengar
  • Du er omgjengeleg og har gode samarbeidsevner 

Vi tilbyr

  • Vikariat som rådgivar/seniorrådgivar på omlag 10 månadar
  • Utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • Fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånordningar i Statens pensjonskasse
  • Lønn som rådgivar frå kr. 464 800 (ltr. 53) til kr. 565 500 (ltr. 64), eller som seniorrådgivar frå kr. 524 200 (ltr. 60) til kr. 658 300 (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. 

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Aina Holst på telefon 995 41 921, evt. aina.holst@miljodir.no.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge.

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved søknadsfristen sitt utløp. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jmf. offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding, og skal bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.

Her er lenke til vår personvernerklæring.

Referanse: 72-2018 NGN                                                            Søknadsfrist: 25.11.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    25. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    Brattøra, Trondheim
  • Jobbnorge-ID
    159840
  • Intern-ID
    72-2018 NGN
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger