Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Professor i datatryggleik

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som professor i datatryggleik, med spesialitet innan Boolske funksjonar. Det som vert tilsett vil inngå i forskingsgruppa Sikker kommunikasjon, Selmersenteret.


Om instituttet

Institutt for informatikk har sju forskingsgruppar som leverer forsking og utdanning av høgt internasjonal kvalitet innan algoritmar, bioinformatikk, maskinlæring, optimering, programmeringsteori, sikker kommunikasjon og visualisering. Alle gruppene er medfinansiert med forskningsstipendier, blant anna av Det europeiske forskingsrådet (ERC). Instituttet er rangert som nummer en i Noreg med omsyn til vitskapskvalitet av Noregs forskingsråd i alle eksterne evalueringar hittil. Alle vitskaplege tilsette vert forventa å bidra til framifrå undervisning, økt internasjonal merksemd og omdøme ved forsking av høg internasjonal kvalitet. Instituttet tilbyr moderne og oppdatert utdanning på bachelor-,master- og ph.d.-nivå.


Arbeidsoppgåver / forskingsområde / stillinga sitt vitskaplege fokus

Selmersenteret er ein av dei beste IKT-gruppene i Norge med forsking innan kryptografi, kodeteori, informasjonssikkerhet, Boolske funksjonar, sekvensdesign og kvanteinformasjonsteori. Gruppa består av 23 personer inkludert professorar, forskarar, postdoktorar og doktorgradsstudentar. Stillinga er innan fagområdet Boolske funksjonar der gruppa skillar seg ut som verdas leiande forskingssenter. Gruppa bidrar til det internasjonale forskingsmiljøet med å organisere årlege internasjonale konferansar og dei publiserer årlege spesialutgåver i leiande internasjonale tidsskrift innan fagområdet. Gruppa har hatt fleire forskingsprosjekt som involverer både nasjonale og internasjonale forskingspartnare. Den rette kandidaten må vera ein internasjonalt anerkjent ekspert i Boolske funksjonar og kunne dokumentera evna til å bidra til alle aktivitetane ovanfor. Erfaring og kjennskap til endelege kroppar, kommutative halvkroppar, projektiv geometri, diskret matematikk, universell algebra og matematisk logikk er ein fordel for stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjaren må ha doktorgrad i eit fagområde som er relevant for Boolske funksjonar, for eksempel matematikk eller datavitskap eller tilsvarande kompetanse.
  • Erfaring med undervisning og forsking i Boolske funksjoner er et krav.
  • Erfaring og kjennskap til relaterte fagområder som endelege kroppar, kommutative halvkroppar, projektiv geometri, diskret matematikk, kryptografi, universell algebra og matematisk logikk er ein fordel.
  • Erfaring som team/gruppeleiar er ein fordel.
  • Erfaring med å organisere forskingsaktivitetar, internasjonale konferansar og erfaring med redaksjonelt arbeid er ein fordel.
  • Erfaring med å tiltrekke seg ekstern forskingsfinansiering er eit krav.
  • Å ha mottatt prestisjefylte stipend og prisar er ein fordel.
  • Erfaring med å arbeide i mange forskjellige miljø er ein fordel.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Du må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.
  • Du må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.


Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.


Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.


Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn for etter lønssteg 77-84 (kode 1013) tilsvaranda NOK 731 400893 900 i statens lønsregulativ. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • CV
  • vitnemål og attestar
  • fullstendig publikasjonsliste
  • ei kort utgreiing om di interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i forskinga di (2-3 sider)
  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs
  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar
  • liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte
  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne deg frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Pinar Heggernes

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    20. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Universitetet i Bergen
  • Jobbnorge-ID
    159755
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger