Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Senioringeniør ved Institutt for geovitenskap

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som senioringeniør. Instituttet driv forsking og undervisning i geodynamikk, marin geologi og geofysikk, geokjemi og geobiologi, og kvartærgeologi og paleoklima. Forskingsaktiviteten medfører ein utstrakt bruk av avansert instrumentering som er organisert som ulike laboratoriefasilitetar – fleire med nasjonal status (Forskningsinfrastruktur). Den ledige stillinga er knytt til Bergen Geoanalytiske Fasilitet (BGF), og spesielt mot ICP- og Elektronmikroskopi-laboratoria.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene omfattar bruk av avansert instrumentering i hovudsak på geologisk materiale. Høg kompetanse på eit vidt spekter av instrumentering, teknikkar og geoanalytiske problemstillingar er viktig for stillinga. Den som vert tilsett skal:

  • utvikle kvantitative analysemetodar innan elektronmikroskopi, både ved bruk av SEM og TEM
  • ha ansvar for metodeutvikling og gjennomføring av LA- ICP-MS dateringsanalyser
  • bruke og utvikle metodar innan Raman-spektroskopi
  • vidareutvikle kvantitative XRD analysemetodar
  • ha eit overordna ansvar for instituttets knuserom og mineralseparasjons laboratorium 

Den som vert tilsett må rekne med endringar i arbeidsoppgåver over tid. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha utdanning på doktorgradsnivå innan geokjemi.
  • Søkerar må kunne dokumentere erfaring med bruk av elektronmikroskopi, Raman-spektroskopi og LA-ICP-MS.
  • Kjennskap og erfaring med eit større spekter av geoanalytiske teknikkar vil være ynskjeleg.
  • Gode språkkunnskapar og god evne til å kommunisere munnleg og skriftleg, både på norsk og engelsk, vil vere eit krav.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli vektlagt. 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • stilling som senioringeniør (kode 1181) i lønssteg 59 - 67 (for tida kr 515 200,- – kr. 597 400,-) i det statlege lønsregulativet
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Senioringeniør, Ole Tumyr, Institutt for geovitenskap, tlf. 55 58 33 87.

 

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «Søk stillinga» på denne sida. Søknaden skal innehalde

  • søknadsbrev der du seier noko om din motivasjon for å søkje og kvifor du mener at du passer til stillinga
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar
  • namn og kontaktinformasjon til to referansar 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    159657
  • Intern-ID
    18/12416
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger