Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat i instrumentering for eksperimentell partikkelfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i eksperimentell partikkelfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

 

Stillinga er innan det norske ATLAS prosjektet, som sikrar aktiv norsk deltaking i ATLAS-eksperimentet ved CERN’s LHC. Denne stillinga har fokus på  ATLAS sitt  oppgraderingsprogram, der forskingsgruppa deltek i ITk-prosjektet. Innan ITk tek vi del i utvikling av strålingsharde pikselssensorar og, som medlemmar av RD53-kollaborasjonen, i utvikling av utlesningselektronikken. Det vert forventa at den som får stillinga tek aktivt del i prosjektet, med moglege bidrag innan ASIC-utvikling, testing og evaluering av piksel-sensorar og/eller oppbygging av eit system for utprøving av sensormodular som skal installerast i ITk. Kandidaten kan, i tillegg til deltaking i ovannemnde aktivitetar, gjennomføra vidare studium i tråd med eigne interesser for å oppnå ein ph.d.-grad i instrumentering eller eksperimentell partikkelfysikk.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i subatomær fysikk eller mikroelektronikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 20.12.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå instrumentering og/eller data-analyse er eit krav
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Bjarne Stugu (Bjarne.Stugu@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    9. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    159573
  • Intern-ID
    2018/10696
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger