Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiatstilling ved Senter for framifrå forsking - Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE)

Stipendiatstilling i arkeologi med spesialisering i isotop-analyser ved SapienCE

 

Ved Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) er det ledig ei stipendiatstilling retta mot rekonstruksjon av den pleistocene havoverflata sin temperatur gjennom isotop-analysar av marine skaldyr frå arkeologiske felt i det sørlege Afrika, som fell inn under tidsperioden 100 – 50 000 år tilbake i tid.

 

Om SFF-ordninga og SapienCE:

SapienCE er eit Senter for fremragende forskning (SFF), finansiert av Norges forskningsråd og lokalisert ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (AHKR) ved Universitetet i Bergen. SapienCE er leia av professor Christopher Henshilwood og fokuserer på åtferdsutviklinga til homo sapiens i Sør-Afrika for mellom 50.000 og 100.000 år sidan. Senteret har fem Principal Investigators (PIs), som utgjer leiargruppa saman med senterleiar. Forskarar frå ulike fagfelt ved andre UiB-fakultet og internasjonale samarbeidspartnarar er knytt til senteret. For å studere det tidlege menneskets kulturelle, sosiale og teknologiske åtferd integrerer vårt inter-disiplinære forskarteam analyser av eit detaljrikt utgravingsmateriale med bruk av innovative geoarkeologiske, klima- og kognitive datamodellar. Denne heilskaplege tilnærminga vil gje banebrytande innsikt i dei ulike aspekta av kva det vil seie å vere menneske.

Om forskarutdanninga:

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendperiode er 3 år. Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, SapienCE, og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Hovudmålet for stillinga: 

  • Kandidaten skal drive sjølvstendig vitskapeleg forsking knytt til kjerneområdet i SapienCE sitt forskingsprosjekt, nemleg opphavet til tidleg Homo sapiens åtferd.

  • Kandidaten skal gjere isotopanalysar av skaldyr frå dei arkeologiske felta senteret jobbar ved i det sørlege Cape i Sør-Afrika, med mål om å rekonstruere tidlegare sjøoverflatetemperaturar i dei periodane det har vore busetnad på dei arkeologiske felta.

  • Kandidaten skal arbeide mot innovative tilnærmingar til skaldyranalyse (geokjemiske og andre) for å løyse sentrale problemstillingar knytt til Homo sapiens i mellomsteinalderen i Sør-Afrika. 

  • Kandidaten skal delta på årlege feltarbeid og arkeologiske utgravingar i Sør-Afrika.

  • Kandidaten skal medverke aktivt til det akademiske miljøet ved SapienCE-forskergruppa i Bergen.

Forskinga vil bli gjort ved SapienCE sine lokale ved Universitetet i Bergen, i felten og ved våre laboratorium i Sør-Afrika. SapienCE tilbyr framifrå fasilitetar for isotopanalysar retta mot forsking knytt til tidleg Homo sapiens.

Kandidatens hovudrettleiar vil normalt vere frå den faglege staben ved SapienCE.

 

Kvalifikasjonar

Søkjarar må normalt ha norsk mastergrad eller tilsvarande høgare utdanning. Graden må vere oppnådd innan søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Ein bakgrunn frå arkeologi som inkluderer stabile isotopanalysar er eit krav. Erfaring med miljøvitskap og/klimadynamikk vil vere ein føremon.

 

Den som blir tilsett må kunne flytande engelsk, både skriftleg og munnleg, samt ha gode kommunikasjonsevner.

 

Kandidaten må vise eit sterkt engasjement for forsking, kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og som ein del av ein gruppe, samt vere ansvarsfull og ha stor arbeidskapasitet. Førarkort klasse B vil vere ein føremon.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn tilsvarande lønssteg 51 (kode 1017/lønstabell 20, alternativ 9) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på om lag 449.000 kroner brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Slik søkjer du stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk via lenka «SØK STILLINGA» på denne sida. Søknaden må innehalde:

  • Ei prosjektskisse som òg inkluderer ei utgreiing om søkjaren sine kvalifikasjonar, forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 5 sider)

  • CV

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiar frå mastergradsutdanninga

  • Elektronisk versjon av masteroppgåva

  • Karakterutskrifter og vitnemål (skanna originalar eller bekrefta kopiar)

  • Relevante sertifikat og referansar

  • Liste over eventuelle vitskaplege produksjonar 

Søknaden og utgreiinga av forskingsinteresser må skrivast på engelsk. Vedlegga må lastast opp i JobbNorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Christopher Stuart Henshilwood, telefon 55 58 90 99, e-post Christopher.Henshilwood@uib.no , eller instituttleiar Jan Heiret, telefon 55 58 97 62, e-post jan.heiret@uib.no.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

Dei mest aktuelle søkjarane blir kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

Søknadsfrist: 02.12.2018

Merk søknaden: 18/12330

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    2. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    159445
  • Intern-ID
    18/12330
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger