Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Stipendiat i eksperimentell tungionefysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i eksperimentell tungionefysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga er knytt til den norske aktiviteten i ALICE-prosjektet på CERN, finansiert av Norges Forskingsråd. Tungionegruppa ved Institutt for fysikk og teknologi tek del i ALICE-eksperimentet, som starta ei ny runde datainnsamling frå ultra-relativistiske proton-proton, bly-bly og proton-bly-kollisjonar ved Large Hadron Collider på CERN i 2015 (LHC Run 2). ALICE tek sikte på å kunne karakterisere kvark-gluon-plasma ved hjelp av gode system for partikkelidentifikasjon ved låg og midlare rørslemengd, samt studium av sjeldne signal, blant anna partiklar som inneheld tunge kvarkar ("heavy flavours"). Kandidaten skal arbeide innan analyse og tolking av data registrert av ALICE i Run 2. Primærfokus for den norske ALICE-aktiviteten i Run 2-perioden er kvantitative studium av partonisk materie som blir danna i tidlege fasar av tungionekollisjonar samt innverknad av kalde kjernematerie-effektar, ved å ta i bruk sjeldne signal som inneheld tunge kvarkar, særleg "charmonia". Andre analysetema kan vere kollektiv anisotrop utviding ("væskeflyt") og gjennomtrengande partiklar som fotoner og "jets", samt ultraperifere kollisjonar. Denne stipendiatstillinga er primært retta mot studium av "charmonium"-produksjon ved midt-rapiditet, målt i di-elektron-kanalen, nå med tilgjengelege data frå høgaste LHC-energi. Kandidaten vil vere basert i Bergen, men må rekne med å bruke tid på eksperimentelle målingar og andre ALICE-aktivitetar på CERN i Genève.  

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i eksperimentell tungionefysikk, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Røynsle frå arbeid i store eksperiment, kunnskap om ALICE-analyse, programvare og programmering, samt vitskapleg profil i tråd med aktivitetane i dei norske ALICE-gruppene (skissert ovanfor) er sterkt ønskeleg.

  • Gode kunnskapar i programmering med erfaring frå data-analyse og/eller simulering er naudsynt.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til

Prof. Dieter Röhrich, +47 5558 2722,  Dieter.Rohrich@uib.no

Prof. Joakim Nystrand, +47 5558 2776,  Joakim.Nystrand@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    159344
  • Intern-ID
    2018/10698
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger