Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Stipendiat i marin biogeokjemi

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i marin biogeokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med 25% pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til Bjerknessenteret for Klimaforskning

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga i stillinga vil dreie seg om å berekne transport av menneskeskapt karbon i havet ved hjelp av sirkulasjonsfelt som er i pakt med dei fysiske lovane som rår i havet og som er utleia frå faktiske observasjonar. Utviding til andre biogeokjemiske variable som til dømes oksygen kan vurderas.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i marin biogeokjemi, oseanografi, matematikk eller tilgrensande fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må ha god matematisk forståing, i særleg grad innan linjær algebra og/eller numerisk modellering.
  • Erfaring med analyse av store datasett, til dømes 4-dimensjonale felt ved bruk av Matlab el.l. er eit krav.
  • God forståing av havets sirkulasjon, og helst i samband med biogeokjemi og karbonsyklus vil være eit føremon.
  • Søkjarar må kunne reise og opphalde seg deler av tida på WHOI, USA, med medveiledar Geoffry (Jake) Gebbie.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar, ambisjonar og potensial for ei vitskapleg karriere vil bli lagt vekt på ved vurdering av kandidatane.


Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor Are Olsen, Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen, e-post: are.olsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    159249
  • Intern-ID
    2018/12113
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger