Rådgjevar/seniorrådgjevar til administrasjonsavdelinga, seksjon for beredskap og sikkerheit – vikar

Det er ledig eit vikariat i seksjon for beredskap og sikkerheit. Seksjonen koordinerer beredskaps- og tryggingsarbeidet i departementet med hovudfokus på utvikling av regel- og planverk, budsjett, etatsstyring, systemutvikling, kompetansetiltak, øvingar og krisehandtering.

 

Arbeidsområde

  • Tryggingssystem i departementet og helse- og omsorgssektoren
  • Beredskapsplanar for departementet og helse- og omsorgssektoren
  • Krisehandteringsapparatet i departementet
  • Samarbeid med andre departement og samfunnssektorar
  • Kompetansetiltak og øvingar
  • Andre oppgåver innanfor område seksjonen har ansvar for.

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

Du må ha:

  • Høgare utdanning på universitets- eller høgskulenivå

  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

  • Relevant erfaring, gjerne frå offentleg og/eller privat verksemd

  • Relevant erfaring frå beredskaps- og sikkerheitsforvalting er ønskjeleg

  • Departementserfaring er ønskjeleg.

 

Du er

  • Systematisk og resultatorientert
  • Har stor arbeidskapasitet og er leveringsfør under tidspress
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

 

Vi legg vekt på om du høver som person. Det er krav om tryggingsklarering.

 

Vi tilbyr

Spennande arbeidsområde med gode høve til utvikling
Eit godt arbeidsmiljø med kompetente og engasjerte kollegaer
Vi har fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
Løn: kr 500 000 – 800 000. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

 

Tiltredelse januar 2019

 

Kontaktpersonar:

Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsdirektør Else Janne Berge Andersen, tlf. 22248515/91776880 eller ekspedisjonssjef Ole T. Andersen, tlf. 97006103.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Helse- og omsorgsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    159030
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger