Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som stipendiat i eksperimentell reservoarfysikk. Stillinga er for ein periode på fire år og er knytt til prosjekt mot lagring og bruk av hydrogen og karbondioksid.

 

Om prosjektet

Globale energistrategiar må ta omsyn til klimautfordringar og CO2-lagring er ei storskala løysing for  reduksjon av utslepp av antropogen CO2. Hovudmålet er å etablere CO2 lagringsteknologi som bidreg til meir bærekraftig energiproduksjon. Eit særleg fokus vil vera produksjon av hydrogen (H2) frå fossile kjelder, der handtering og lagring av biproduktet CO2 samt mellomlagring av H2 inngår som ein del av verdikjeda. Prosjektet fokuserer på flyt- og fortrengingsmekanismar av CO2 og H2 i porøse system. Prosjektet inkluderer laboratorieeksperiment og numerisk modellering.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad, eller ha levert avhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute, innan eksperimentell reservoarfysikk eller tilgrensande fagfelt. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må dokumentera eksperimentell erfaring med fleirfasestraum i porøse media, til dømes med forfattarskap i anerkjente vitskapelege journalar.
  • Relevant erfaring med numerisk simulering blir vektlagt.
  • Det er ynskjeleg med eksperimentell erfaring rundt bruk av CO2/H2 - gass under trykk.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Evne til å kommunisere og leie mindre grupper av studentar vil vera viktig.
  • Det er ikkje krav om gode norskkunnskapar, men evne til å kommunisere på norsk vil vera fordelaktig for prosjektet. Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er eit krav.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Me kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 51(kode 1017/LR20, alternativ 9) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Førsteamanuensis Geir Ersland, +47 90886749, Geir.Ersland@uib.no eller Professor Martin Fernø, +47 5558 2792, Martin.Ferno@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158957
  • Intern-ID
    2018/11777
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger