Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Stipendiat

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei stilling som stipendiat i fagområdet norsk leksikografi/leksikologi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, knytt til Revisjonsprosjektet – oppdatering av Bokmålsordboka og Nynorskordboka. Stillinga skal bidra til å styrkje det vitskaplege arbeidet med ordbøker over norsk språk.


Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forskingsadministrativt arbeid, undervisning og formidling ved LLE (nordisk språk og Revisjonsprosjektet). Om søkjaren tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden. Planlagd oppstart for stillinga er 1. mars 2019.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må

  • ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innanfor relevant fagområde, dvs. nordisk språkvitskap, lingvistiske fag eller tilsvarande

  • kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner

  • ha svært gode norskkunnskapar og kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.

Søkjarar må beskrive eit prosjekt som plasserer seg innanfor feltet leksikografi/leksikologi, og det skal ha fokus på norsk språk. Prosjektet må ha relevans for Revisjonsprosjektet, men òg utanfor det. Innanfor det leksikografiske/leksikologiske feltet kan prosjektet elles ha ulike innretningar, mot t.d. grammatikk, semantikk, pragmatikk, etymologi og ordhistorie, uttale, sosiale og geografiske tilhøve, norm vs. språkbruk, lån og avløysarord/norvagisering, lemmautval, ordboksbrukarperspektivet, korpuslingvistikk med meir. Det blir lagt vekt på om prosjekt nyttar materiale frå Språksamlingane eller infrastrukturar som t.d. Clarino.


Om stipendiatstillinga

Samla tilsetjingsperiode er fire år, og utdannings- og forskingsdelen av stillinga utgjer tre år. Undervisning og forskingsadministrativt arbeid  utgjer inntil eitt år og vert avtalt med instituttet ved tilsetjing. Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

Om forskarutdanninga

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Den som blir tilsett, blir teken opp på UiB sitt forskarutdanningsprogram, som har ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at ein fyller krava for opptak.

Vi kan tilby 

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn tilsvarande lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 000 brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Gode velferdsordningar

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Torodd Kinn, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: torodd.kinn@uib.no. Telefon: 55 58 84 49. Ph.d.-koordinator Anne Berit Apold, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: anne-berit.apold@uib.no. Telefon: 55 58 41 61.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få  ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

Søknadsbrevet må innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • Det skal gå fram av søknaden kven som har stadfesta å kunne vere hovudrettleiar for prosjektet. Han eller ho må vere fast tilsett ved LLE.

  • CV - søkjarar må nytte det elektroniske skjemaet i Jobbnorge

Følgjande må lastast opp som vedlegg til søknaden (pdf eller word):

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.

  • Prosjektomtale (inntil fem sider, maks 12 000 teikn med mellomrom).

  • Framdriftsplan for prosjektet.

  • Litteraturliste for prosjektet.

  • Samandrag av masteroppgåva (maks 3 sider).

  • Relevante attestar.

  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3).

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

I tillegg gjeld følgjande krav: http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger
 

Vitnemål og prosjektbeskriving må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege publikasjonar på andre språk enn skandinavisk og engelsk kan leggjast ved, men instituttet tek atterhald om at fagmiljøet har lesekompetanse i desse språka. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må lastast opp som vedlegg til søknaden.

Dersom vitskaplege publikasjonar ikkje kan lastast opp i Jobbnorge, kan i alt tre eksemplar, sortert i tre bunkar, sendast til Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

Søknaden skal merkjast: 2018/11964

Søknadsfrist: 3.12.2018

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158896
  • Intern-ID
    18/11964
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger