Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Forskingskoordinator (rådgjevar) ved Institutt for geovitenskap

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som forskingskoordinator (rådgjevar) med ansvar for den forskingsadministrative verksemda ved instituttet.

 

Institutt for geovitenskap har fire forskargruppar som driv undervisning og forsking av høg internasjonal kvalitet innan Geodynamikk, Basseng- og Reservoarstudier, Geokjemi & Geobiologi, og Kvartære geosystemer. Alle gruppene har forskingsaktivitet som i høg grad er finansiert av eksterne forskingsmidlar. Instituttet har mellom anna fleire større forskingsprosjekt med finansiering frå Det europeiske forskingsråd (der iblant to ERC), Forskningsrådet, Bergen forskningsstiftelse (BFS) og fleire prosjekt med midlar frå næringsliv og forvaltning. Instituttet er også vertskap for fire nasjonale forskingsinfrastrukturar.

 

Instituttet er med vel 170 tilsette eitt av dei større institutta ved UiB og har ei omsetting på nær 200 millionar kroner der nær 50 % er ekstern finansiering.

 

Stillinga som forskingskoordinator inngår i ein instituttadministrasjon med 8 medarbeidarar. Administrasjonen si rolle er å leggje best mogeleg til rette for at det kan drivast forsking, formidling og utdanning av høg kvalitet ved instituttet. Den som vert tilsett skal rapportere til administrasjonssjefen, som er dagleg leiar av administrasjonen.

 

Arbeidsoppgåver

Ekstern finansiering av forskinga er i aukande grad avgjerande for drifta vår. Forskingskoordinatoren skal bidra aktivt inn i arbeidet instituttet gjer for å oppretthalde og vidareutvikle ei stor eksternt finansiert prosjektportefølje. Den som vert tilsett, vil få ansvar og oppgåver knytt til alle sider av arbeidet med å søke eksternt finansierte prosjekt.

 

Med denne stillinga ønsker instituttet i tillegg å styrke kapasiteten og kompetansen innan kommunikasjon og formidling for å betre synleggjeringa av instituttet og rekrutteringa av både studentar og tilsette. Oppgåver tilhøyrande dette feltet vert derfor også tillagt stillinga.

 

Stillinga omfattar leiarstøtte og utgreiings- og utviklingsarbeid på høgt nivå innan eit bredt spekter av det forskingsadministrative saksfeltet og vil difor arbeide tett med både instituttleiar og administrasjonssjef.  

 

Meir konkrete døme på arbeidsoppgåver:

  • Skaffe søknadsinformasjon og gje råd om aktuelle nasjonale og internasjonale utlysingar der tilsette kan søke midlar til forsking og utvikling, med særleg vekt på utlysingar frå Forskningsrådet, DIKU og EU.

  • Motivere forskarar og kvalitetssikre søknadar. Målet er å auke talet på søknadar som vinn gjennom i konkurransen om eksterne midlar.

  • I samarbeid med prosjektøkonomane, gje rettleiing og assistanse til forskarar i samband med førebuing av søknadar og oppstart av prosjekt, oppfølging av kontraktar og rapportering.

  • Ta del i dei relevante forskingsadministrative nettverka ved fakultet og UiB, samt bygge nettverk med eksterne samarbeidspartnarar og finansieringskjelder.

  • Vere kontaktperson mot Forskingsadministrativ avdeling ved UiB ved rådgjeving og assistanse til større prosjektsøknadar som SFI, SFF og ERC, og ved inngåing av kontraktar og forskingssamarbeid.

  • Vere kontaktperson mot Bergen Teknologioverføring (BTO) og legge til rette for at forskingsområde med potensiale for innovasjon får rådgjeving og kontakt med BTO.

  • Bidra til utvikling av det forskingsadministrative feltet, følge opp forskingsstrategi og evalueringar av forskinga ved instituttet, samt rapportar og høyringar innan feltet.

  • Kvalitetssikre publiseringsregistrering i CRISTIN.

  • Kommunikasjon/formidling: produsere forskingsrelevante nyheitsaker og anna informasjon til websider, sosiale medium og interne nyheitsbrev. Ta initiativ og legge til rette for auka forskingsformidling i samarbeid med forskarane.

  • Bidra med administrativ støtte til workshopar, seminar og strategisk viktige møter som vert arrangert ved instituttet.

  • Arrangere kurs mellom anna i søknadsskriving, formidling og karriereplanlegging, spesielt retta inn mot PhD-studentar, yngre forskarar og postdoktorar.

  • Andre administrative oppgåver kan også vere aktuelle, og endringar i organisering må over tid påreknast. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar 

  • Søkjarar bør ha ein doktorgrad i naturvitenskap, fortrinnsvis innan geovitenskap.

  • Relevant praksis er eit krav, frå til dømes forsking innan geovitenskap, erfaring og suksess med prosjektsøking, prosjektgjennomføring og forskingsadministrasjon.

  • Kjennskap til NFR og EU sine forskingsprogram og andre relevante nasjonale og internasjonale finansieringskjelder er ein føremon.

  • Kjennskap til Universitets- og høgskulesektoren er ein føremon.

  • Interesse for og erfaring med kommunikasjonsarbeid er ein føremon, likeeins erfaring med sosiale medium og god kompetanse i bruk av nettbaserte publiseringsløysingar.

  • God administrativ IT-kompetanse er eit krav.

  • Gode kunnskapar i norsk og svært gode kunnskapar i engelsk skriftleg og munnleg er eit krav.

  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga vil bli sterkt vektlagde:

    • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta innan fristar.

    • Gode kommunikasjons- og samarbeidseigenskapar.

    • Evne til å tenke strategisk, sjå behov og ta initiativ.

    • Vere fleksibel og serviceinnstilt.

    • Vere motivert til å ta tak i eit variert sett av arbeidsoppgåver, både små og store. 

Vi tilbyr

  • ein triveleg, sosial og spennande internasjonal arbeidsplass med tilsette og studentar frå om lag 35 ulike nasjonar

  • løn som rådgjevar (kode 1434) etter lønssteg 60 - 65 (for tida kr 524 200 – 576 100) i det statlege lønsregulativet. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare løn.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • fleksibel arbeidstid og gode velferdsordningar 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Ingunn Hindenes Thorseth eller administrasjonssjef Andrea Grimnes.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158805
  • Intern-ID
    18/11585
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger