Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Forskar i marin jordsystem-modellering

Ved Geofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning er det ledig ei fast stilling som forskar i marin jordsystem-modellering.

 

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 35 månadene er stillinga finansiert av NFR-prosjektet "Infrastructure for Norwegian Earth System modelling (INES)”.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

  • Utvikling og vedlikehald av havmodulane (marin biogeokjemi, havfysikk) i NorESM2
  • Legge til rette for effektiv og god bruk av infrastrukturen
  • Yte støtte innan modellering til studentar
  • Bidrag overfor dei som nyttar NorESM og evaluering av resultat av modellkjøyring
  • Vitskapeleg publisering av resultata

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor oseanografi, meteorologi, fysikk, matematikk eller geovitskap eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Det er ønskeleg med dokumentert evne til å hente inn eksterne prosjektmidlar.
  • Erfaring frå numerisk modellering av jordsytemet er eit krav.
  • Framifrå ferdigheiter innan programmering og visualisering av numerisk modellering er eit krav.
  • Kunnskap innan oseanografi, biogeokjemi og/eller fysikk er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

 

Særeigne krav for stillinga: stilling krever arbeid med å utvikle og vedlikehalde forskingsinfrastruktur for jordsystemmodellering i samarbeid med partnarane i prosjektet.

 

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Christoph Heinze, UiB Geofysisk institutt, e-post: christoph.heinze@uib.no tel. +47 55589844.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    29. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158786
  • Intern-ID
    2018/11768
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger