Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Førstekonsulent ved Institutt for informasjons- og medievitenskap

Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til ei fast stilling som førstekonsulent ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Stillinga er knytt til administrativt arbeid med arbeidsoppgåver knytt til Media City Bergen (MCB) og Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO).

 

Den som blir tilsett vil vere ein viktig støttespelar for daglig leiar ved SUJO og administrasjonen ved MCB. For meir informasjon om instituttet sjå: http://www.uib.no/infomedia 

 

Stillinga inngår i administrasjonen ved instituttet, som har om lag 12 årsverk, og tenester som består av studieadministrasjon, forskings- og økonomistøtte samt teknisk stab. Administrasjonssjef har personalansvar for dei tilsette i administrasjonen. Faglig vil stillinga i tillegg rapportere til daglig leiar for SUJO.

 

Arbeidsoppgåver

  • Praktisk drift og oppfølging av SUJOs kursportefølje og anna aktivitet ved senteret

  • Rombestilling og tilrettelegging ved kurs, seminar og representasjon

  • Reisebestilling og tilrettelegging for kurshaldarar, forskarar og gjesteforelesarar

  • Vedlikehald av nettsider og arrangementskalender for instituttets aktivitet i MCB

  • Administrasjon av adgangskontroll for studentar og eksterne gjester

  • Administrative oppgåver knytt til instituttets utdanningstilbod i MCB, herunder rekrutteringsarbeid og bistand med planlegging og gjennomføring av eksamen

  • Anna administrativt arbeid ved instituttet

Kvalifikasjonar

  • Bachelorgrad. Det er ein føremon med medievitskap eller journalistikk i fagkretsen

  • Relevant praksis

  • God administrativ IT-kompetanse

  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein medarbeidar som

  • er imøtekommande, fleksibel og serviceinnstilt

  • har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

  • arbeider systematisk og er løysingsorientert

     

    Ved intervju vil det bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.

 

Vi kan tilby

  • Kompetanseutvikling i eit spennande fagleg og sosialt miljø

  • Ei allsidig stilling med særleg vekt på servicetenester

  • Løn som førstekonsulent i kode 1408/LR21 i det statlege regulativ, ltr.41-53, avhengig av kompetanse og tenesteansiennitet. Dette utgjer for tida kr. 381 000 – 459 100. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Carina Ottesen, e-post: carina.ottesen@uib.no, tlf. 55 58 91 01.

 

Søknad, CV, attestar og vitnemål sendast elektronisk via «Søk stillinga».

 

Søknaden skal merkast 2018/11302

 

Søknadsfrist: 31.10.2018

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158774
  • Intern-ID
    18/11302
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger