Miljødirektoratet jobber for et rent og rikt miljø. Våre hovedoppgaver er å redusere klimagassutslipp, forvalte norsk natur og hindre forurensning. Vi er et statlig forvaltningsorgan underlagt Klima- og miljødepartementet og har i underkant av 700 ansatte ved våre to kontorer i Trondheim og Oslo, og ved Statens naturoppsyn (SNO) sine mer enn 60 lokalkontor.

Vil du bidra til å styrkje vassdrags- og fiskeforvaltinga i Noreg?

Er du eksempelvis ein biolog eller naturforvaltar med evne til å jobbe sjølvstendig og utoverretta? Vi søkjer no ein rådgivar/seniorrådgivar som kan bidra til å styrkje arbeidet vårt innan forvalting av regulerte vassdrag og anadrome laksefisk og innlandsfisk. Kan det vere deg?

Stillinga inneber utstrekt kontakt med eksterne forvaltningsstyresmakter, forskingsmiljø og interesseorganisasjonar. Formidlingsarbeid, medrekna å halde foredrag, representasjon og kontakt med media ligg også til stillinga.

Miljødirektoratet er under omorganisering. Seksjonen vil truleg bli er ein av 6 seksjonar i avdeling for vatn og miljøovervaking. Seksjonen vil frå nyttår ha ansvaret for forvalting av laks, sjøaure og sjørøye og innlandsfisk etter lakse- og innlandsfiskelova og naturmangfaldlova, og for oppfølging av naturforvaltningsvilkåra i regulerte vassdrag etter vassdragslovgjevinga. Seksjonen jobbar med blant anna kunnskapsinnhenting, regulering av fiske, fangststatistikk, genbank, tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris og framande artar, pålegg i regulerte vassdrag samt fisketrapper.

Seksjonen vil få om lag 16 engasjerte og kompetente medarbeidarar og har arbeidsstad på Brattøra i Trondheim.

Det må påreknast reiseverksemd, i hovudsak innan Noreg.

Stillinga sine hovudansvarsområde

  • Oppfølging av naturforvaltningsvilkåra i regulerte vassdrag
  • Arbeid opp mot vassforskrifta
  • Regulering av fiske
  • Lokal forvalting

Det må regnast med at oppgåveportefølje kan endrast noko som følgje av omorganiseringa. 

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad i biologi eller anna relevant fagområde er eit krav, eksempelvis innan ferskvassøkologi og/eller natur- og ressursforvalting
  • Erfaring frå offentleg forvalting, eventuell anna vassdrags- og fiskeforvalting, vil vektleggjast
  • God kjennskap til regelverket innan forvalting av anadrom laksefisk og innlandsfisk, vann- og vassdragsforvaltning vil vektleggjast
  • Erfaring med formidlingsarbeid er ønskjeleg
  • Erfaring med digitalisering/arbeid med digitale plattformer er ønskjeleg


Eigenskapar

  • God evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode samarbeidseigenskapar
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner, skriftleg og munnleg, både på norsk og engelsk
  • Tole å arbeide på eit konfliktfylt fagområde
  • Kunne handtere og trivast med ein uføreseieleg arbeidskvardag med høgt arbeidspress


Vi tilbyr

  • fast stilling
  • utfordrande arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde
  • gode høve for fagleg og personleg utvikling
  • eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar - inkludert trening i arbeidstida
  • fleksible arbeidstidsordningar og gode pensjons- og bustadlånsordningar i Statens pensjonskasse
  • lønn som rådgivar/seniorrådgivar frå kr.459.100 - (ltr. 53) til kr. 650.200,- (ltr. 72) etter erfaring og kvalifikasjonar. Særskild kvalifiserte søkjarar kan vurderast høgare.

Kontaktperson for stillinga er seksjonsleiar Raoul Bierach på telefon 922 43 418/raoul.bierach@miljodir.no . Spørsmål om søknadsprosessen kan også stillast til HR-rådgivar Ingrid Krohn-Hansen på telefon 988 07 145/ingrid.krohn-hansen@miljodir.no.

Som IA-bedrift ønskjer vi ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere fleire personar med redusert funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn.

Vi ber deg om å sende søknad med vitnemål og attestar elektronisk gjennom Jobbnorge. 

Det vil bli utarbeidt offentleg søkjarliste ved utløpet til søknadsfristen. Opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista, jamfør offentleglova §25. Dersom oppmodinga ikkje vert etterkomme, skal søkjaren ha melding og bli gitt høve til å trekkje søknaden sin.


Referanse: 66-2018 AVE    Søknadsfrist: 21.10.18

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Miljødirektoratet
  • Nettside
  • Kommune
    Trondheim
  • Arbeidssted
    Brattøra, Trondheim
  • Jobbnorge-ID
    158762
  • Intern-ID
    66-2018 AVE
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger