Universitetet i Stavanger (UiS) har om lag 10.700 studentar og 1.560 tilsette. Universitetet ligg i Noregs tredje største byregion, med ein dynamisk arbeidsmarknad og spennande kultur- og fritidsaktivitetar. Vi er einaste norske medlem av European Consortium of Innovative Universities (ECIU). Universitetet skal vere ei drivkraft i regionen si kunnskapsutvikling og eit internasjonalt forskingsuniversitet med vekt på nyskaping og innovasjon.Saman med dei tilsette og studentane våre vil vi utforske det ukjente og utfordre det velkjente.

Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking (Læringsmiljøsenteret) er del av Fakultet for utdanningsvitskap og humaniora. Senteret er landsdekkande, eitt av elleve nasjonale senter innan utdanning. Læringsmiljøsenteret deltek i arbeidet med å realisere nasjonal utdanningspolitikk. I tillegg jobbar senteret med eigeninitierte oppgåver innan forsking og utvikling, kompetanseutvikling for barnehagar og skuler, samt undervisning og rettleiing ved universitetet. Læringsmiljøsenteret sin visjon er å vere ei nasjonal drivkraft for å fremje trygge og gode læringsmiljø i barnehage og skule. Senteret har to avdelingar; ein i Stavanger og ein i Porsgrunn. Det er i dag 95 tilsette ved senteret.

Førsteamanuensis i pedagogikk / spesialpedagogikk / pedagogisk psykologi

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Stavanger
  • Nettside
  • Kommune
  • Jobbnorge-ID
    158646
  • Intern-ID
    30081908
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger