Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Førsteamanuensis i isotopgeokjemi og paleoklimatologi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i isotopgeokjemi og paleoklimatologi.

 

Om instituttet

Institutt for geovitenskap er eitt av sju institutt ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet ved Universitetet i Bergen. Instituttet femner om eit vidt felt av geologiske og geofysiske disiplinar.

 

Forskingsaktiviteten ved instituttet er organisert i fire forskargrupper: Geodynamikk, Basseng- og reservoarstudier, Geokjemi og geobiologi, og Kvartære geosystemer. Sjølve forskinga er prosjektstyrt, med ein prosjektleiar for kvart prosjekt. Den ledige stillinga er knytt til forskargruppa i Kvartære geosystemer, som er samansett av forskarar med aktivitetar som spenner frå glasialgeologi til paleoseanografi. Forskingsaktiviteten i gruppa er i stor grad knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning og omfattar tett samarbeid med forskarar frå Geofysisk institutt og SFFen SapienCE.

 

Vitskapleg tilsette ved instituttet har tilgang på moderne forskingsfasilitetar, inkludert Bergen Geoanalytiske Fasilitet med ei rekkje avanserte laboratorium, kraftig data-infrastruktur samt havgåande forskingsfartøy. Fleire av desse har status som nasjonale forskingsfasilitetar.

 

Arbeidsoppgåver / forskingsområde

Stillinga er tiltenkt ein internasjonalt aktiv forskar innanfor isotopgeokjemi og paleoklimatologi med spesielt fokus på utvikling og bruk av nye metodar. Instituttet har nyleg oppretta avanserte laboratorium for isotopklynge-termometri og analyse av væskeinklusjonar, som er tilrettelagt for forsking mot rekonstruksjon av fortidstemperaturar i både marint og terrestrisk miljø. Den tilsette vil ha vitskapeleg leiaransvar for desse laboratoria.

 

Isotopklynge-termometri er ein metode med eit stor bruksspekter. For klimaforskingsmiljøet i Bergen er det spesielt interessant å kunne anvende isotopklynge-metoden på marine mikrofossil. I tillegg er det ynskjelig at den tilsette har erfaring med ulike arkiv og evne til å samarbeide med ulike forskargrupper på instituttet. Isotopklynge-metoden er fortsatt i utvikling, og krev fleire års erfaring. Det forventast at den tilsette deltar i internasjonale aktivitetar for å forbetre metoden vidare.

 

Kandidaten må kunne dokumentere forsking av internasjonalt format og vise til eit godt internasjonalt nettverk. Instituttet forventar at den som blir tilsett bidrar aktivt til initiering av nasjonale og internasjonale prosjektaktivitetar. Kandidaten må̊ og dokumentere evne til å skaffe eksterne prosjektmidlar.

 

I tillegg til forsking, skal den tilsette ta del i undervisinga ved instituttet både på bachelor- og mastergradsnivå med undervisning i paleoklimatologi og isotopgeokjemi, og rettleie studentar på master- og PhD-nivå.

 

Universitetet sine generelle forskrifter forlangar at ein akademisk tilsett skal ta del i undervisinga og tilhøyrande eksamens-/vurderingsarbeid, rettleie master/PhD-studentar og presentere eigne forskingsresultat på konferansar og i internasjonale tidsskrift.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha geofaglig doktorgrad retta mot fagfeltet paleoklimatologi.

  • Søkjarar må kunne dokumentera erfaring med isotopklyngetermometri mot paleoklimatologiske anvendelser. Erfaring med både terrestriske og marine arkiv er ein føremon.

  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.

  • Søkjarar må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.

  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising

  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå

  • oversyn over mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne undervisningsprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr. 565 500,- - 658 300,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar 

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

 

Søknaden skal innehalde

  • CV

  • vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei kort utgreiing om søkjaren sin motivasjon for å søkje denne stillinga, dei viktigaste resultata i søkjaren sin forsking, samt søkjaren sin visjon for utviklinga av kvartære geosystem som fagretning på instituttet (2-3 sider)

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar Ingunn H. Thorseth, Institutt for geovitenskap, e-post: Ingunn.Thorseth@uib.no, tlf. +47-55583428 / +47-41528683.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158524
  • Intern-ID
    18/11256
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger