Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Førsteamanuensis i optimering/operasjonsanalyse

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som førsteamanuensis i optimering, med industriell optimering og operasjonsanalyse som arbeidsfelt.

 

Om instituttet

Instituttet har sju forskingsgrupper: algoritmar, bioinformatikk, optimering, programutviklingsteori, sikker kommunikasjon, maskinlæring og visualisering. Instituttet er rangert først i Noreg på forskingskvalitet av Forskingsrådet. Utdanninga vi tilbyr dekker dei sentrale delane av informatikk, med høve til spesialisering innafor dei delane av faget kor instituttet har forskingsaktivitet.

 

Arbeidsoppgåver / forskingsområde

Forskingsgruppa i optimering ved Institutt for informatikk ynskjer å styrka og utvida aktivitetane sine innan operasjonsanalyse og industriell optimering. Arbeidsoppgåvene til den som vert tilsett i den utlyste stillinga vil difor vera å forska og undervisa innan desse tema. Særskild er det venta at ho/han skal forska, og rettleia og undervisa studentar, innan optimering av operasjonar i forsyningskjeden, transport og logistikk. Universitetet i Bergen satser for tiden på områder innen hav-vind-energi og finansteknologi. Vi ynskjer oss kandidatar som er villige til å delta i slike initiativ. Initiering og gjennomføring av samarbeidsprosjekt med næringslivet vil vera sentralt, inkludert det å skaffa finansiering av slike prosjekt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha doktorgrad innan operasjonsanalyse eller industriell optimering, eller ha tilsvarande kompetanse.
  • Erfaring frå undervisning og forsking innan optimering av forsyningskjeden, transport og logistikk er eit krav.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.Søkjarar må kunne bidra i forskingslag både som leiar og deltakar.
  • Søkjarar må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar. Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising
  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå
  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne undervisningsprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 64 - 72 (kode 1011/LR 24.8). Dette utgjer ei årsløn på kr 565 500 -658 300 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

 

Søknaden skal innehalde:

  • CV

  • vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge innen 7. november 2018. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar professor Pinar Heggernes eller til professor i optimering Dag Haugland.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    7. november 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    158453
  • Intern-ID
    2018/11379
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger