Kultur- og likestillingsdepartementet

Kulturdepartementet har ansvar for den statlege politikken og forvaltinga på områda kultur, medium, idrett, frivillig verksemd, og tru- og livssynssamfunn. Departementet har om lag 155 tilsette, for tida fordelte på fem avdelingar og ei kommunikasjonseining.

Medieavdelinga har ansvar for medie- og filmsaker, pengespel og opphavsrett. Avdelinga har ansvar for etatsstyring av Lotteri- og stiftelsestilsynet, Medietilsynet og Norsk Filminstitutt. Avdelinga har også ansvar for eigarstyring av dei statlege selskapa Filmparken AS, Norsk rikskringkasting AS og Norsk Tipping AS.

Områda avdelinga har ansvar for, er prega av store og djuptgåande endringar. Ny teknologi fører med seg endringar i produksjon og distribusjon, og endringar i marknaden skaper nye forretningsmodellar og konkurranseforhold, nye aktørar og bransjestrukturar. Mediebruken og deltaking frå publikum er vesentleg endra. Ei utfordring for avdelinga er å bidra til at dei politiske verkemidla er best mogleg tilpassa situasjonen no og i framtida.

Avdelinga har om lag 22 medarbeidarar fordelte på to seksjonar og ein stab. Dei to seksjonane er seksjon for mediepolitikk og pengespel, og seksjon for film og opphavsrett. Den ledige stillinga ligg i seksjon for mediepolitikk og pengespel, som mellom anna har ansvar for kringkastingspolitikk, mediestøtte og pengespel. Seksjonen forvaltar staten sitt eigarskap i NRK og Norsk Tipping AS, og bidrar i etatsstyringa av Lotteri- og stiftelsestilsynet og Medietilsynet.

Vil du arbeide med mediepolitiske spørsmål?

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Kultur- og likestillingsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Oslo
  • Jobbnorge-ID
    157592
  • Intern-ID
    18/4525
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Se mer

Finn andre stillinger