Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Forskar i eksperimentell reservoarfysikk (mellombels)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig  ei mellombels stilling som forskar i eksperimentell reservoarfysikk. Stillinga er for ein periode på to år og er knytt til prosjekta Nanoparticles to Stabilize CO2-foam for Efficient CCUS in Challenging Reservoirs” og “CO2 Storage from Lab to On-Shore Field Pilots Using CO2-Foam for Mobility Control in CCUS “, begge prosjekta med støtte frå Noregs forskingsråd.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Globale energistrategiar må ta omsyn til klimautfordringar, og CO2-lagring er ei storskala løysing for  reduksjon av utslepp av antropogen CO2. Hovudmålet er å etablere CO2 lagringsteknologi, som bidreg til meir bærekraftig energiproduksjon frå fossile kjelder, ved å kombinere overflateaktive stoff og nanoteknologi for å stabilisere skum for CO2-mobilitetskontroll i EOR som del av «Carbon Capture, Utilization and Storage (CCUS)». Prosjektet fokuserer på flyt- og fortrengingsmekanismar for skum i oljereservoar. Prosjektet inkluderer laboratorieeksperiment, numerisk modellering og oppskalering av laboratorieresultat til feltskala. Arbeidet vil også omfatte geologisk karakterisering, utforming og utføring av ein CO2 skum EOR-feltpilot på land i Texas.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd doktorgrad eller tilsvarande utdanning innanfor eksperimentell reservoarfysikk, eller ha levert avhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgrad er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må dokumentera eksperimentell erfaring innafor fleirfasestraum i porøse media, til dømes med forfattarskap i anerkjente vitskapelege journalar.
  • Søkjaren må ha brei erfaring innan geologisk reservoarkarakterisering og numeriske simuleringar innan oppskalering frå laboratoriet til feltet. Denne erfaringa er viktig sidan eksperimentelle resultat skal oppskalerast til feltskala tidleg i prosjektet.
  • Søkjarar må vise evne til publisering av sitt vitskapelige arbeid i gode internasjonale tidsskrift i emne som er relatert til stillinga, som CO2 lagring eller CO2 EOR.
  • Det er ynskjeleg at søkjarar har erfaring frå bruk av skuminjeksjon for mobilitetskontroll.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner. Evne til å kommunisere og leie mindre grupper av studentar vil vera viktig.
  • Det er ikkje krav om gode norskkunnskapar, men evne til å kommunisere på norsk vil vera fordelaktig for prosjektet. Gode engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg, er eit krav.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Me kan tilby:

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø.

  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd).

  • gode velferdsordningar.

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse kan vere hovudrettleiaren for doktoravhandlinga.

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktoravhandlinga er levert.

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

  • eventuelle publikasjonar.

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte:

Professor Arne Graue, +47 55582721, Arne.Graue@uib.no eller Professor Martin Fernø, +47 5558 2792, Martin.Ferno@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    7. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    157575
  • Intern-ID
    2018/10985
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Vikariat/Midlertidig

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger