Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Postdoktor i arktisk paleoseanografi

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som postdoktor i arktisk paleoseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på inntil tre år (der dei siste tre månadene avheng av kandidatens kvalifikasjonar og behov), og er knytt til det NFR-finansierte prosjektet «Arven Etter Nansen» (Nansen Legacy Project).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Stillinga vil omfatte paleoseanografiske rekonstruksjonar ved hjelp av stabile isotopar og spormetall proksiar frå foraminiferar. Vi søkjer ein kandidat med førstehands røynsle med, og anvendt kunnskap om, foraminifertaksonomi og transfer function-teknikkar, med å drive eit gasskjelde-massespektrometer og analysere og tolke d18O, d13C og spormetaller (til dømes Mg / Ca) i foraminiferar. Kandidaten vil vere ansvarleg for SST- (Mg / Ca) og isotoprekonstruksjonar i sedimentkjernar frå Nansen Legacy cruise.

  

  • Foraminifer-identifikasjon og preparering for isotop- og spormetallanalyse.

  • Med-rettleiar for masterstudentar.

  • Datatolking og tverrfagleg samarbeid med andre prosjektdeltakarar.

  • Deltaking i Nansen Legacy Cruise (om mogleg). 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d grad eller tilsvarande i geofag eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Søkjaren skal ha praktisk røynsle innan isotopgeokemi.

  • Søkjaren skal ha god kjennskap til forminifer taksonomi, og ha anvendt røynsle i transfer function SST-rekonstruksjonar.

  • Søkjaren bør ha tidlegare røynsle med å nytta spormetall (Mg/Ca)-proksiar i foraminiferar.

  • Kandidatar med tidlegare røynsle (og publikasjonar) innan nordatlantisk og / eller arktisk paleoseanografi gjennom senkvartær vil føretrekkast.

  • Tidlegare røynsle med opplæring og rettleiing av masterstudentar er ein føremon.

  • Søkjarar må kunna jobba sjølvstendig og på ein strukturert måte og ha evne til å samarbeida med andre.

  • Søkjarar må ha gode ferdigheter i munnleg og skriftleg engelsk.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Om den som vert tilsett manglar undervisningserfaring og/eller annan kvalifiseringskompetanse, kan det verte aktuelt å auke tilsetjingsperioden frå to år og ni månader til inntil tre år. Undervisning og anna pliktarbeid for instituttet vil i så høve bli lagt til som oppgåver i stillinga. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks. fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 515 200,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Ulysses S. Ninnemann, Institutt for geovitenskap, ulysses@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    157443
  • Intern-ID
    18/9480
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger