Høgskulen i Volda er høgskulen for humaniora og samfunnsvitskap i Møre og Romsdal. Vi er ein spennande kompetanseorganisasjon i vekst med om lag 4000 studentar og 350 tilsette. Den faglege verksemda er organisert i fire avdelingar: Avdeling for kulturfag, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for mediefag. Til campusen høyrer også Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa. Vi gjev undervisning i ei rekkje fagområde, yrkesretta utdanningar og etter- og vidareutdanningar i nært samarbeid med samfunns- og næringsliv. Høgskulen i Volda driv mykje forsking og utviklingsarbeid og satsar på forskaropplæring og kompetanseoppbygging for dei tilsette i samarbeid med universitet i inn- og utland.

 


Ph.d.-stipendiat i kulturmøte – st. nr. 45/2018

Ved Høgskulen i Volda er det ledig ei stilling som ph.d-stipendiat i tilknyting til fagfeltet «Kulturmøte». Doktorgradsprosjektet skal vere retta mot fagfelta religion og/eller historie, og tematisk bør det knytast til eitt av emna i kulturmøtemasteren.

 

Ei stipendiatstilling er ei mellombels tilsetting på fulltid i tre år. Etter avtale med avdelinga kan tilsettingsperioden vere fire år, der 25 prosent av stillinga blir knytt til undervisning eller andre faglege gjeremål ved Høgskulen. Arbeidsstad er Høgskulen i Volda. Søkjarar må ha fullført mastergradutdanning eller tilsvarande.

 

Kulturmøte er ein tverrfagleg mastergrad i regi av Historisk institutt og Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag. Studiet har to obligatoriske innføringsemne: «Vitskapsteori og metode» (15sp) og «Nasjon, kultur og religion» (15sp). Skiftevis vert det gjeve undervisning i følgjande fem valemne (kvart på 15sp): «Al-Andalus» (eldre spansk historie), «Brennpunkt Midtausten», «Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet», «Migrasjon, kjønn og religion» og «Mikrohistorie».

 

Eit vilkår for å ta til i stillinga som stipendiat er at ein har opptak på eit godkjent nasjonalt eller internasjonalt doktorgradsprogram. Frist for å levere dokumentasjon på dette er 6 månader etter ein har fått tilbod om stillinga. Høgskulen kan hjelpe til med utviklinga av søknad om opptak på doktorgradsprogram. Vi gjer merksam på at dei doktorgradsgjevande institusjonane til vanleg stiller krav om gjennomsnittskarakter på B eller høgare på masterstudiet for å få opptak. Søkjarar med utanlandsk mastergrad kan kontakte NOKUT for å søkje om godkjenning av utdanninga.

Høgskulen kan tilby eit spanande arbeidsmiljø med høve til fagleg og personleg utvikling og gode pensjonsordningar.

 

Søkjaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Høgskulen praktiserer moderat kjønnskvotering.

 

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

 

Stipendiatstillingane er underlagt føresegnene i «Forskrift om ansettelsesvilkår for stillinger som postdoktor, stipendiat, vitenskapelig assistent og spesialistkandidat», fastsett av KD 31.2.2006, og ut over dette av dei lover, avtalar og reglement som til ei kvar tid gjeld. Ved Høgskulen gjeld også «Reglar, rettar og plikter for stipendiatar ved Høgskulen i Volda».

Stipendiatstilling vert løna i statens lønsregulativ, lønnsplan 17.515, stillingskode 1017 stipendiat, LR 20.

Søknadsfrist: 12. desember 2018.

 

Søknad og all dokumentasjon skal sendast elektronisk gjennom rekrutteringssystemet Jobbnorge. Det er lenkje til elektronisk søknad på nettstaden: www.hivolda.no/stilling.

 

I Jobbnorge registrerer du informasjon om utdanning og arbeidserfaring. Vi ber også om at du informerer om referansar. Søknaden skal gi eit fullstendig oversyn over utdanning og tidlegare praksis.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle dokument/filer er lasta opp innan søknadsfristen. Søknaden vert vurdert med den informasjonen som ligg føre elektronisk. Vedlegg skal lastast opp som separate filer i eit format som kan leggjast ved elektronisk; PDF, PMG, JPEG, ODF, DOC. Dersom vedlegga samla overstig 30 MB, må dei komprimerast før dei vert lasta opp. Vedlegga skal ha namn som samsvarar med innhaldet i fila. Søknader eller vedlegg kan ikkje sendast på e-post til høgskulen.

Følgjande dokument/filer skal leggjast ved den elektroniske søknaden:

- vitnemål og attestar, samla i ei fil

- CV

- masteroppgåve og eventuelle andre vitskaplege arbeid

- prosjektskisse

 

Dersom ein allereie har fått stadfesting av opptak i eit godkjent doktorgradsprogram, må dette leggjast ved som vedlegg til søknaden.

 

Prosjektomtalen som skal sendast inn skal vere på maksimum 10 sider. Der skal det kome fram kva ein ønskjer å forske på, kvifor dette er viktig i høve til prosjektutlysinga og kva som er forskingsstatus på feltet. Prosjektomtalen skal òg gjere greie for prosjektet sine teoretiske og metodiske utgangspunkt, kva slags empiri/materiale ein tek sikte på å nytte og innehalde eit utkast til tidsplan for arbeidet. Søkjarane sine kvalifikasjonar og prosjektomtalar blir vurdert av eit sakkunnig utval. Det blir gjennomført intervju med aktuelle søkjarar.

 

I samsvar med offentliglovens § 25 kan søkjar be om å ikkje bli oppført på offentleg søkjarliste. Dei som ønsker å reservere seg må under «søknad» hake av for «Er det grunnlag for å bli unntatt offentligheit, jfr. Offentlighetsloven» samt grunngi dette i søknaden. Høgskulen kan likevel avgjere at namnet skal offentleggjerast. Søkjaren blir varsla dersom ønsket om unntak ikkje blir tatt til følgje.

 

For spørsmål om stillinga kan søkjarar ta kontakt med instituttleiar ved Historisk institutt, Harald Endre Tafjord på e-post: haraldt@hivolda.no eller instituttleiar ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, Per Halse, på e-post: pha@hivolda.no.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    12. desember 2018
  • Arbeidsgiver
    Høgskulen i Volda
  • Nettside
  • Kommune
    Volda
  • Jobbnorge-ID
    157410
  • Intern-ID
    45/2018
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger