Universitetet i Bergen

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor

Ved Senter for framifrå forsking (SFF) Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap, er det ledig ei treårig stilling som postdoktor knytt til eksperimentell arkeologi og analyse av materiell kultur relatert til mellomsteinalderen i det sørlege Afrika.

 

Om SFF-ordninga og SapienCE

SFF-ordninga er driven av Noregs forskingsråd med det føremål for avgrensa tidsperiodar å etablere forskingssentra som driv konsentrert, fokusert og langsiktig forskingsinnsats på framifrå internasjonalt nivå.

 

SapienCE vert leia av professor Christopher Henshilwood og skal forske på åtferdsutviklinga til homo sapiens i Sør-Afrika for mellom 50.000 og 100.000 år sidan. Senteret har fem Principal Investigators (PIs), som og utgjer leiargruppa saman med senterleiar. Forskarar frå ulike fagfelt ved andre fakultet ved Universitetet i Bergen og internasjonale samarbeidspartnarar er knytt til senteret. For å studere det tidlege menneskets kulturelle, sosiale og teknologiske åtferd integrerer vårt inter-disiplinære forskarteam analyser av eit detaljrikt utgravingsmateriale med bruk av innovative geoarkeologiske, klima- og kognitive datamodellar. Denne heilskaplege tilnærminga vil gje banebrytande innsikt i dei ulike aspekta av kva det vil seie å vere menneske.

 

Om postdoktorstillinga

Hovudmåla for stillinga:

  • Utføre sjølvstendig vitskapeleg forsking som resulterer i publikasjonar av høg kvalitet. Publikasjonane skal adressere sentrale tema i forskingsprosjektet SapienCE; åtferdsutvikling til tidleg Homo sapiens.

  • Delta i arkeologiske utgravingar ved prosjektet sine utgravingsstader for middelsteinalder-arkeologi i Sør-Afrika, og etter høve gjennomføre analysar av arkeologisk materiale i våre prosjektlaboratorium.

  • Utføre eksperimentell forsking på i) teknikkar som vert brukt til å produsere materiell kultur i mellomsteinalderen (spesielt litikk, skjellperler, oker, strutseggeskall) og ii) bruk av eld og behaldarar knytt til matlaging. Resultata skal tolkast innanfor SapienCE sine målsettingar.

  • Innleie innovative tilnærmingar til laboratorieanalysen av ulike kategoriar av materiell kultur (bein, stein, eggeskall, marine skall) innhenta frå prosjektet sine middelsteinalder-lokalitetar i samarbeid med våre hovudforskarar. Dette vil krevje god kunnskap om til dømes XRF, XRD for geokjemi og SEM for lipidanalyser. Ferdigheiter i multivariate statistiske analyser er avgjerande.

  • Støtte og samarbeide med senterleiar og leiargruppa i gjennomføringa av forskingsprosjektet.

  • Bidra aktivt i det akademiske miljøet rundt SapienCE si Bergensbaserte forskargruppe.

 

Forskinga vil bli gjort under rettleiing av prosjektleiarar ved SapienCE sine kontor ved Universitetet i Bergen, i våre laboratorium i Sør-Afrika og ved Universitetet i Bordeaux. SapienCE tilbyr framifrå fasilitetar for avanserte analysar av arkeologisk materiale som vert henta frå våre middelsteinalder-lokalitetar i sørlige Cape i Sør-Afrika.

 

Postdoktorstillinga har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i faglege toppstillingar. Den som blir tilsett må i samarbeid med instituttleiar utarbeide ein plan for dette kvalifiseringsarbeidet, og søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett, gjennomfører postdoktorprosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon. Tilsetjing i postdoktorstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, SapienCE, og rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Den som blir tilsett må ha ph.d.-grad i arkeologi eller liknande fagfelt, med spesialisering i samsvar med hovudmåla som er nemnde over, og som er relatert til SapienCE sine sentrale tema. Brei erfaring med laboratorium, er ein føresetnad.

 

Omfattande erfaring med sør-afrikansk mellomsteinalder-lokalitetar, fortrinnsvis i ei organisatorisk rolle, er naudsynt.

 

Den som blir tilsett må kunne flytande engelsk, både skriftleg og munnleg, samt ha gode kommunikasjonseigenskapar. Den som blir tilsett må vise eit sterkt engasjement for forsking, kunne arbeide strukturert, sjølvstendig og som ein del av ein gruppe, samt vere ansvarsfull og ha stor arbeidskapasitet. Tidlegare publikasjonar er ein føresetnad.

 

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Løn etter lønssteg 59 (kode 1352/LR 24) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på omlag kr. 514.800 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk via lenke på denne sida «SØK STILLINGA». Søknaden må innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga (maks 3 sider)

  • CV

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere ein av rettleiarane frå doktorgradsutdanninga

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • Elektronisk versjon av ph.d.-avhandlinga

  • Karakterutskrifter og vitnemål (skanna originalar eller bekrefta kopiar)

  • Relevante attestar

 

Søknaden og utgreiinga av forskingsinteresser må skrivast på engelsk. Vedlegga må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format.

 

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Christopher Stuart Henshilwood, telefon 55 58 90 99, e-post Christopher.Henshilwood@uib.no, eller instituttleiar Jan Heiret, telefon 55 58 97 62, e-post jan.heiret@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no

 

Dei mest aktuelle søkjarane blir kalla inn til intervju før innstilling om tilsetjing blir gjort.

 

Søknadsfrist: 05.10.2018

Merk søknaden: 18/10773

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    157382
  • Intern-ID
    18/10773
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger