Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Forskar i modellering og analyse av livshistorie og marin økologi

Ved Institutt for biovitskap er det ledig ei fast stilling som forskar, som skal arbeide i eksternfinansierte prosjekt på livshistoriemodellar, marin økologisk modellering og tidsserieanalyse av marine økologiske data. Stillinga inngår i forskargruppa for Teoretisk økologi (http://bio.uib.no/te).

Om arbeidsoppgåver:
Forskaren skal inngå som del av eit team som skal levere modellresultat og manuskript til forskjellige forskingsprosjekt. Kjennskap til dei aktuelle modellane, metodane og problemstillingane er eit krav. I starten skal forskaren jobbe på prosjekta «ScaleClim» (gonademodning hos torsk) finansiert av NFR og «Pandora» (fiskeriforvaltning) finansiert av EU. Spesifikt skal forskaren

  • utvikle, kjøre og analysere modellar for evolusjon og fenologi hos marine organismar, i første omgang torsk, der evolusjonsdrivarane er klima og fiske
  • kjøre og analysere oseanografiske vasskolonnemodellar for våroppblomstringdynamikk
  • analysere tidsseriar for økologi, fenologi og livshistorie hos fisk; i det første prosjektet på gonademodning hos torsk
  • utvikle, kjøre og analysere vertikalvandringsmodellar for dyreplankton og fiskelarvar

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad i biologi eller ha tilsvarande utdanning, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring med forsking og publisering etter doktorgrad er ein fordel.
  • Erfaring frå og publikasjonar om modellering av livshistorie, åtferd og økologi med metoden dynamisk programmering er eit krav.
  • Søkjarar må kunne kjøre, endre og analysere vasskolonnemodellar.
  • Det er nødvendig med inngåande kjennskap til lange tidsseriar for økologiske- og fiskeridata for Atlanterhavstorsk og metodar for å analysere desse.
  • Søkjarar må kunne utvikle, kjøre og analysere vertikalvandringsmodellar for fiskelarvar.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg, er nødvendig.
  • Gode norskkunnskapar er ein fordel.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga:

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa for teoretisk økologi.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt.
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 (kode 1109/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 515 200 brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det vere aktuelt å vurdere høgare løn.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje denne stillinga
  • Namn og kontaktopplysningar til 3 referansar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga
  • CV
  • Karakterutskrifter og vitnemål, alternativt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert. (Søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på originalspråket og autoriserte omsetjingar).
  • Relevante attester
  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • Eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Øyvind Fiksen (oyvind.fiksen@uib.no / telefon +47 55 58 46 24) eller Christian Jørgensen (christian.jorgensen@uib.no / telefon +47 55 58 46 18).

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om det.

Nærare om tilsettingsprosessen her

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. september 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    157325
  • Intern-ID
    2018/9125
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger