Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat - 2 stillingar

Ved Institutt for framandspråk (IF) er det ledig 2 stipendiatstillingar med planlagd start 1. januar 2019, eller etter avtale. Stillingane er for ein åremålsperiode på 4 år.

 

Institutt for framandspråk har ni ulike språkfag: arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium og tysk. Dei tilsette underviser og forskar innan disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk (www.uib.no/fremmedsprak). Instituttet har litt over femti fast vitskapleg tilsette, fire postdoktorar, om lag tjue stipendiatar og elleve administrativt tilsette.

 

Stillingane er opne for søkjarar innanfor disiplinane språk/lingvistikk, litteratur, kulturkunnskap og fagdidaktikk i alle dei ni språkfaga ved instituttet, inkludert tverrfaglege prosjekt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha norsk mastergrad eller tilsvarande innan eit fagområde som er relevant for ph.d.-prosjektet. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før søknadsfristen går ut. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Søkjarar må ha etablert kontakt med ein rettleiar som er fast tilsett ved Institutt for framandspråk, og søknaden må innehalde ei stadfesting frå denne rettleiaren. Kontakt forskingskoordinatoren ved instituttet Åsta Haukås om dette (sjå nedanfor).

 

Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt både på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta og dei faglege grunnkvalifikasjonane hjå søkjarane.

 

Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkjarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkjarane er.

 

Ein søkjar som tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling ved ein annan institusjon, kan bli tilsett i avkorta periode. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Om stipendiatstillingar

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid knytt til undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei

retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga

Stipendiatane skal delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.-grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at søkjarar fyller krava for opptak til ph.d.-program ved Universitetet i Bergen.

 

Vi tilbyr

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR 20, alternativ 9) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på om lag 449.000 kroner brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 

Slik søkjer du stillingane

Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGEN» på denne sida. Søkjaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet.

 

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad

  • eit kort samandrag av hovudfagsoppgåva/masteroppgåva (inntil 3 sider)

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

  • prosjektomtale (inntil 5 sider/12.000 teikn med mellomrom, bibliografi ikkje medrekna)

  • framdriftsplan for prosjektet

  • litteraturliste for prosjektomtalen

  • stadfesting frå hovudrettleiar ved Institutt for framandspråk

 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til forskingskoordinator Åsta Haukås på e-post asta.haukas@uib.no eller telefon 55 58 24 88, eller til forskingskonsulent Jan A. Johansen på e-post jan.johansen@uib.no eller telefon 55 58 93 78.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 31.10.2018

Merk søknaden: 18/10607 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    31. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    157291
  • Intern-ID
    18/10607
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger