Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Forskar i romfysikk ved Birkeland Centre for Space Science (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei fast stilling som forskar i romfysikk frå januar 2019.

 

Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første 2,5 åra er stillinga finansiert av prosjektet «ASIM» og er knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet

Birkeland Centre for Space Science og mikroelektronikk gruppa ved Institutt for fysikk og teknologi har vore involvert i Atmosphere-Space-Interaction-Monitor (ASIM) sidan 2005. Vi har hatt ansvaret for utvikling, bygging, testing og kvalifisering av dei to detektorlaga samt utlesingselektronikk for hovudinstrumentet på ASIM; Modular-X-and-Gamma-ray-Sensor (MXGS).

 

MXGS instrumentet vart levert i 2016 og oppskytinga til den internasjonale romstasjonen vart vellykka gjennomført 2. april 2018.

 

ASIM Science Data Centre (ASDC) vart etablert i 2016. ASDC er et samarbeid mellom det Danske Tekniske Universitet (som leiar prosjektet), Universitet i Bergen (UiB) og Universitetet i Valencia og har ansvar for all aktivitet knytt til prosessering og handsaming av data frå ASIM-prosjektet. ASDC vil vere fullt operativt gjennom heile levetida til ASIM, som nominelt er satt til 2 år, men vil sannsynlegvis fortsette utover dette avhengig av korleis instrumentet oppfører seg. I ASDC har UiB ansvar for fleire arbeidspakker. Frå 1 juli 2018 når ”commissioning” fasen er ferdig vil vi ha ansvar for dagleg prosessering av data frå MXGS-instrumentet samt kontinuerleg oppdatering av kalibreringsdata.

 

For å utføre disse oppgåvene ynskjer vi å tilsette ein forskar med gode programmeringskvalifikasjonar, god forståing av strålingsdetektorar og gode samarbeidsevner. Erfaring frå og forståing av ASIM prosjektet samt erfaring med analyse av tidlegare satellittprosjekt som har observert jordiske gammaglimt vil bli lagt vekt på.

 

Arbeidsoppgåver

  • Kalibrering av MXGS sensorane og oppdatering av kalibreringsparametre basert på spekter-data frå orbit samt analyse av korleis MXGS oppfører seg i orbit.

  • Daglig prosessering av MXGS ”trigger-events” og levere daglege lister over moglege kandidatar for jordiske gammaglimt.

  • Delta i den vitskaplege analysen av ASIM data

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad i fysikk eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmidlar må dokumenterast.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Spesielle krav til stillinga:

  • Erfaring med prosessering og tolking av data frå strålingsdetektorar
  • Erfaring med prosessering og tolking av data frå rom-instrumentering, samt ”housekeeping” data.
  • Erfaring med søkealgoritmar for store datasett for å identifisera kortvarige strålingsglimt, som jordiske gammaglimt.
  • Gode programmeringsevner.
  • God kjennskap og forståing av versjonskontrol-verktøy som for eksempel Git

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

 

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjølv og andre, frå NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 59 (kode1109/LR 24, alternativ 3) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto per år. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: professor Nikolai Østgaard, Institutt for fysikk og teknologi, tlf. +47 55 58 27 94 / e-post Nikolai.Ostgaard@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    30. september 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    157238
  • Intern-ID
    2018/10660
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger