Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Stipendiat i marine mineralavsetjingar (metalliske sulfidførekomstar)

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i petrologi/geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til K. G. Jebsen-senter for djuphavsforsking, og er finansiert av Oljedirektoratet.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking fokuserer på multidisiplinære undersøkingar i arktiske djuphavsområde. Senteret organiserer årlege ekspedisjonar for å studere geologi og biologi ved midthavsrygger. Under forskingstokta vert det samla inn data og prøvemateriale ved bruk av moderne undervassfartøy.

Stipendiatstillinga er retta mot mineralavsetjingar som er danna ved hydrotermal aktivitet i Norskehavet. Målet med prosjektet er å bidra til ny forståing av korleis desse vert danna, deira samansetjing og utbreiing. Forskinga vil i stor grad vere basert på geokjemi og isotop geokjemi og bruk av analytiske instrument som elektronmikroskop, ICP-MS, samt tolking av kartdata og geofysiske data.

 

Universitetet i Bergen vil vere hovudarbeidsstad. Jamlege opphald ved Oljedirektoratet i Stavanger må påreknas. Her vil arbeid med samanstilling av analysedata og deltaking i prosjektmøter vere sentralt. Arbeidsspråket i Oljedirektoratet er norsk. Den som får stillinga må og vere førebudd på å delta på årlege tokt i løpet av sommarmånadene.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i petrologi/geokjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå toktarbeid er ein føremon.
  • Erfaring med og kjennskap til behandling av geofysiske data er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen. 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Rolf B. Pedersen, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, e-post: Rolf.Pedersen@uib.no, tlf: +47 555 83 517

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. september 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    156962
  • Intern-ID
    18/9924
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger