Universitetet i Bergen

Institutt for geovitenskap

Stipendiat i marine mineralavsetjingar (manganskorper)

Ved Institutt for geovitenskap er det ledig ei stilling som stipendiat i petrologi/geokjemi. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning). Stillinga er knytt til K. G. Jebsen-senter for djuphavsforsking, og er finansiert av Oljedirektoratet. 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

K.G. Jebsen-senter for djuphavsforsking fokuserer på multidisiplinære undersøkingar i arktiske djuphavsområde. Senteret organiserer årlege ekspedisjonar for å studere geologi og biologi ved midthavsrygger. Under forskingstokta vert det samla inn data og prøvemateriale ved bruk av moderne undervassfartøy.

Stipendiatstillinga er retta mot mineralavsetjingar i Norskehavet med fokus på manganskorper. Målet med prosjektet er å bidra til ny forståing av korleis desse vert danna, deira samansetjing og utbreiing. Forskinga vil i stor grad være basert på geokjemi og isotop geokjemi og bruk av analytiske instrument som elektronmikroskop, ICP-MS, samt tolking av kartdata og geofysiske data.

 

Universitetet i Bergen vil vere hovudarbeidsstad. Jamlege opphald ved Oljedirektoratet i Stavanger må påreknas. Her vil arbeid med samanstilling av analysedata og deltaking i prosjektmøter vere sentralt. Arbeidsspråket i Oljedirektoratet er norsk. Den som får stillinga må og vere førebudd på å delta på årlege tokt i løpet av sommarmånadene. 

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i petrologi/geokjemi, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Erfaring frå toktarbeid er ein føremon.
  • Erfaring med og kjennskap til behandling av geofysiske data er ein føremon.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg.
  • Søkjarar må ha gode norskkunnskapar. 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid knytt til forsking, undervisning og formidling fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.


Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar 

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. En av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Professor Rolf B. Pedersen, Institutt for geovitenskap, Universitetet i Bergen, e-post: Rolf.Pedersen@uib.no, tlf: +47 555 83 517

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    24. september 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    156958
  • Intern-ID
    18/9926
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger