Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis i teatervitskap

Ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i teatervitskap.

LLE har om lag 60 vitskapleg tilsette, om lag 50 doktorgradskandidatar, stipendiatar og postdoktorar og 15 tilsette i tekniske og administrative stillingar.

Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, språk og fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, Norskkursa, språkvitskap og teatervitskap.

Teatervitskap har for tida tre fast vitskapleg tilsette og to stipendiatar. I tillegg er Teaterarkivet lokalisert ved instituttet, som del av samarbeidet mellom Universitetsbiblioteket og fagmiljøet.

Arbeidsoppgåver/forskingsområde:

Arbeidsområdet for den som vert tilsett, omfattar forsking, rettleiing og undervisning i teaterhistorie og teatervitskaplege teoriar og metodar. Den som vert tilsett, skal ta del i undervisning, rettleiing og eksamensarbeid for studentar på alle nivå. På grunnivået må han eller ho vere budd på å undervise i heile den historiske og systematiske breidda som teatervitskap ved UiB femner om. På høgre nivå vil det i større utstrekning vere rom for at den tilsette underviser mest på felt der han eller ho har særleg kompetanse. Ein del av arbeidet skal nyttast til å rettleie studentar på masternivå og doktorgradsnivå.

Det er eit krav at alle dei tilsette, utan omsyn til vitskapleg spesialisering, syner ansvar for teatervitskap som akademisk fag og gjer sitt til at undervisningstilbodet kan haldast oppe og utviklast.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett, òg verte pålagd undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Den som tek til i stillinga, har rett og plikt til å drive forsking innanfor sitt fagområde og sine faglege spesialitetar. Han eller ho vil òg få ulike fagleg-administrative oppgåver. Ved fakultetet og instituttet legg ein vekt på vilje og evne til å drive fagleg formidling og delta i aktuell samfunnsdebatt om faglege tema.

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

Søkjaren må ha doktorgrad eller tilsvarande innanfor teatervitskap.

Søkjarar må ha publisert forskingsresultat ut over doktorgrad, og vitskapleg fagleg breidde vil vere ein føremon. I vurderinga av det vitskaplege arbeidet vil forsking frå dei siste fem åra verte tillagt særleg vekt. Røynsle i å hente inn eksternfinansiering av forsking vil òg verte tillagt vekt.

Søkjaren må vere kjend og fortruleg med norsk teaterhistorie og samtidsteater. Søkjaren må kunne bidra til å vidareutvikle fagmiljøets dialog og samarbeid med det profesjonelle teaterlivet.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Den som vert tilsett, må kunne undervise på eit skandinavisk språk og på engelsk. Han eller ho må kunne rettleie i oppgåveskriving på norsk. Den som ikkje meistrar norsk, får tilbod om opplæring og må oppfylle kravet innan to år.

 

Pedagogisk basiskompetanse er eit krav for stillinga. Den som vert tilsett, vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.

 

Den som vert tilsett, må vere godt personleg eigna for stillinga. Samarbeidsevner, pågåande forsking og potensial til å styrke instituttet sin faglege profil i åra framover vert derfor tillagt vekt.

 

Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og tek del i det daglege arbeidet ved instituttet.


Vi kan tilby:

  • Løn etter lønssteg 64 (for tida: NOK 565 100,-) for førsteamanuensis (kode 1011/lønsramme 24.8) i statens regulativ. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø


  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Utfyllande opplysningar:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få gjennom å ta kontakt med Instituttleiar Johan Myking, e-post johan.myking@uib.no eller tlf. 55 58 24 18 eller professor Knut Ove Arntzen, e-post knut.arntzen@uib.no eller tlf. 55 58 29 68.

 

Slik søkjer du på stillinga:

Søknaden skal sendast elektronisk innan oppgitt frist via link på denne sida «SØK STILLINGEN» Dette må følgje den elektroniske søknaden:

  1. CV

  2. Skanna versjon av originale eller attesterte kopiar av alle vitnemål frå universitet/høgskular
  3. Informasjon om og dokumentasjon av pedagogisk innsats og kvalifikasjonar

  4. Informasjon om og dokumentasjon av administrativ røynsle og anna tidlegare verksemd

  5. Publikasjonsliste
(som vedlegg)
  6. Inntil 5 vitskaplege arbeid
som det skal takast omsyn til i vurderinga
  7. Namn og kontaktinformasjon for tre referansepersonar

Den sakkunnige komiteen kan be om supplerande dokumentasjon.
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge. Vedlegga kan vere i Word- eller pdf-format.
Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju og prøveforelesing.
Spørsmål til den elektroniske søkeprosessen kan ein rette til fakadm@hf.uib.no.


Andre opplysningar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Søknadsfrist: 15.10.2018

Søknaden skal merkjast 18/7829

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    156796
  • Intern-ID
    18/7829
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger