Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Stipendiat i makroøkologi/paleoøkologi

Ved Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen, er det ledig ei stilling som stipendiat i makroøkologi/paleoøkologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppa Ecological and Environmental Change Research Group (http://www.uib.no/rg/EECRG) og EU-prosjektet Humans on Planet Earth – Long-term impacts on biosphere dynamics (HOPE) (http://www.uib.no/en/rg/EECRG/107501/hope). Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).

Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Eit sentralt spørsmål i økologi og bevaringsbiologi er å finne ut kor mykje mennesket påverkar økologiske prosessar og korleis dette vert spegla av i dei økologiske mønstra vi ser. Mennesket har i løpet av dei siste 8 - 11.000 år gjort store endringar på kloden, også i fjellområder. I dette prosjektet spør vi korleis mennesket har påverka sentrale økologiske prosessar og mønstre, som i kor stor grad mennesket avgrensar arter si utbreiing og eller påverkar mønstre i artsrikdom langs geografiske gradientar. Korleis varierte biodiversiteten i eit område før mennesket kom dit, og er dette samanliknbart med mønstre vi ser i områder med lite menneskeleg påverknad i dag? Ein måte å få svar på disse spørsmåla er å samanlikne økosystem med og utan menneskeleg påverknad. Dette kan gjerast både ved å sjå på områder som har forskjellig grad av menneskeleg påverknad, og ved å samanlikne mønstra vi ser i dag med korleis dei same mønstra så ut før mennesket kom. Paleoøkologiske og makroøkologiske data frå forskjellige stader i verda vil i dette prosjektet bli brukt til å teste forskjellige hypotesar om korleis mennesket påverkar biodiversiteten. Hypotesane vil bli testa ved å studere korleis utbreiinga til artene langs høgdegradientar fordeler seg både i notida, i Holocene og i Pleistocene.

 

Kandidaten som blir tilsett vil (i tett samarbeid med rettleiarane) mellom anna konstruere og gjennomføre forskjellige testar for å vurdere kva for effekt mennesket har på biodiversitet og utbreiing til arter langs høgdegradientar og tolke pollen-stratigrafiske data for å estimere korleis utbreiinga endrar seg over tid og rom.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innan biogeografi, økologi, eller andre relevante fagområder, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må også være interessert i å jobbe med både paleoøkologiske og makroøkologiske data og problemstillingar, ha evne til å jobbe med store datasett og ha en interesse for å forstå korleis mennesket påverkar økologiske mønstre og prosessar i fjellet.
  • Søkjarar bør ha ei løysingsorientert innstilling
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Særeigne krav for stillinga

Den som får stillinga må ha erfaring frå kvantitative analysar av økologise eller paleoøkologiske data (fortrinnsvis gjennom bruk av programvaren R), i tillegg til dokumentert erfaring i eit eller fleir av dei fagområda som er relevante for prosjektet (for eksempel biogeografi, makroøkologi, paleoøkologi, alpin biodiversitet, samfunnsøkologi, anvendt statistikk). Erfaring med store databaser og geografiske verktøy som ESRI ArcGIS, QGIS, eller slike analysar i programmet R er ein føremon.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste) med DOI
  • eventuelle publikasjonar som ikkje har DOI

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Professor John-Arvid Grytnes, Institutt for biovitskap, Universitetet i Bergen (+47 55 58 81 28 / email: Jon.Grytnes@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.



Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    28. september 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    156590
  • Intern-ID
    18/9318
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger