Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner blir følgde opp i Rogaland. Fylkesmannen skal medverke til å samordne, forenkle, digitalisere og effektivisere statleg verksemd i fylket. Embetet har ca 185 tilsette.

Samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga arbeider med ei rekkje oppgåver frå ulike departement og direktorat, til dømes saker etter plan- og bygningslova, kommunelova, offentleglova, rettshjelpslova, ekteskapslova, lov om kommunal beredskapsplikt og verjemålslova.

Mykje av arbeidet i avdelinga er knytt til rettleiing, tilsyn og klagebehandling. Avdelinga arbeider både med individretta saksbehandling og kommuneretta verksemd.

Avdelinga har 44 tilsette.

Avdelingsdirektøren har fylkesmannen som næraste overordna og leiar avdelinga saman med assisterande direktør. Avdelingsdirektøren er medlem av embetets si leiargruppe.

Avdelinga sin oppgåveportefølje er under vurdering og ny avdelingsdirektør må akseptere eventuelle endringar i oppgåver og ansvar.

 

 

Avdelingsdirektør - samfunns-, beredskaps- og kommunalavdelinga

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Søknadsfristen er gått ut
  • Arbeidsgiver
    Fylkesmannen i Rogaland
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Arbeidssted
    Lagårdsveien 44, Stavanger
  • Jobbnorge-ID
    156559
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger