Universitetet i Bergen

Institutt for framandspråk

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat på satsingsområdet "Klima og energiomstilling"

Stillinga er lokalisert ved Institutt for framandspråk (IF). Instituttet har i overkant av femti fast vitskapleg tilsette, elleve administrativ tilsette, fire postdoktorar og om lag tjue ph.d.-stipendiatar. Ved instituttet blir det forska og undervist i faga arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, tysk og spansk språk og latinamerikastudium. Det vert forska og undervist innan disiplinane språk, litteratur, historie/kulturkunnskap og fagdidaktikk.

 

Stillinga er knytt til språkbruksprosjektet "Levemåtar i ein klimakvardag", som kombinerer humanistiske og samfunnsvitskaplege perspektiv i studiet av motivasjonane folk har for klima- og energirelaterte livsstilsval. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år med planlagt start 1. januar 2019.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må ha oppnådd norsk mastergrad eller tilsvarande innanfor eit relevant fagområde, t.d. språkvitskap, retorikk, filosofi, kulturvitskap, medievitskap eller statsvitskap. Graden må vere oppnådd før søknadsfristen er ute. Søkjaren kan ha ein fleirfagleg eller ein disiplinorientert bakgrunn.

 

Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

 

Søkjarar må skissere eit prosjekt som er relevant for "Levemåtar i ein klimakvardag", og som studerer korleis haldningar til og meiningar om klimaspørsmål og levemåtar blir formulerte og kommuniserte. Prosjektet bør handle om korleis val av levemåtar er prega av etiske, kulturelle eller politiske dilemma. Empirisk materiale kan hentast frå sosiale media som Facebook eller Twitter og/eller meiningsundersøkingar. Det vil vera ein føremon om prosjektet kombinerer kvalitative og kvantitative metodar.

 

Den som blir tilsett, må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner, og kunne bruke norsk og engelsk skriftleg og munnleg.

 

Om stipendiatstillinga

Samla tilsetjingsperiode er fire år, og utdannings- og forskingsdelen av stillinga utgjer tre år. Undervisning og forskingsadministrativt arbeid utgjer inntil eitt år og blir avtala med instituttet ved tilsetjing. Søkjarar som tidlegar har vore tilsette i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har teke doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, og rettar seg etter dei retningslinjer som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Hovudrettleiar for den som blir tilsett, blir professor Kjersti Fløttum, Institutt for framandspråk, og siderettleiar blir professor Dag Elgesem, Institutt for informasjons- og medievitskap.

 

Om forskarutdanninga

Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og anna arbeid i samfunnet som krev særskilt kompetanse. Den som blir tilsett, blir teken opp på UiB sitt forskarutdanningsprogram, som har ei tidsramme på tre år. Det er ein føresetnad at søkjarane fyller krava for opptak.

 

Vi tilbyr:

  • Eit godt og fagleg utfordrande fleirfagleg arbeidsmiljø, knytt til forskingsområdet som er utvikla av forskargruppa LINGCLIM (http://www.uib.no/en/project/lingclim).

  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017/LR20) i det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på 449.000 kroner før skatt.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Gode velferdsordningar.

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å ende seg til professor Kjersti Fløttum ved Institutt for framandspråk på e-post kjersti.flottum@uib.no eller mobiltelefon 95208342, eller til professor Dag Elgesem ved Institutt for informasjons- og medievitskap på e-post dag.elgesem@uib.no eller telefon 55582619.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenka "SØK STILLINGEN".

 

Søknadsbrevet må innehalda:

  • Ei kort utgreiing av forskingsinteressene til søkjaren og motivasjonen for å søkje stillinga

  • CV (søkjaren må nytte det elektroniske skjemaet i Jobbnorge)

 

Følgjande må lastast opp som vedlegg til søknaden (pdf- eller word-format):

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bahclor- og mastergrad.

  • Prosjektomtale skriven på norsk (inntil fem sider, maks 12 000 teikn med mellomrom).

  • Framdriftsplan for prosjektet.

  • Litteraturliste for prosjektet.

  • Samandrag av masteroppgåva (maks 3 sider).

  • Relevante attestar.

  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3)

  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • To referansar med kontaktinformasjon.

 

Vitnemål må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege publikasjonar på eit skandinavisk språk, engelsk, fransk eller tysk kan leggjast ved. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må lastast opp som vedlegg til søknaden.

 

Dersom vitskaplege publikasjonar ikkje kan lastast opp i Jobbnorge, kan i alt tre eksemplar, sortert i tre bunkar, sendast til Universitetet i Bergen, Institutt for framandspråk, Postboks 7805, 5020 Bergen.

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no.

 

Søknadsfrist: 15.10.2018

Merk søknaden: 18/9470

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. oktober 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    156449
  • Intern-ID
    18/9470
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger