Barne-, ungdoms- og familieetaten

Region vest atferd høg

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) si hovudoppgåve er at alle barn, ungdomar og familiar som treng hjelp og støtte, skal få det, same kor dei bur i Noreg. Bufetat har oppgåver innan områda barnevern, familievern, samlivstiltak, ekteskapssaker, adopsjon, rettferdsvederlag, tilskotsforvalting, ungdomsutveksling, ungdomsinformasjon og krisesenter. Bufetat er organisert i fem regionar med Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som hovudkontor i Oslo. Bufetat er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.

Bufetat har eigne einingar som driv med funksjonell familieterapi (FFT), som er ein tidsavgrensa, evidensbasert behandlingsmetode for familier med  ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Terapeutane jobbar med ungdom som står i fare for å verta plasserte utanfor heimen. FFT er utvikla i USA, og implementeringa i Noreg vert leia av Atferdssenteret i Oslo. I Noreg er totalt fem FFT-team. Ett av desse har base i Stavanger. Kvart team er sett saman av 3-4 terapeutar og ein leiar / rettleiar.

Psykolog/psykologspesialist/familieterapeut

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Barne-, ungdoms- og familieetaten
  • Nettside
  • Kommune
  • Jobbnorge-ID
    156331
  • Intern-ID
    Vest 59/18
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Se mer

Finn andre stillinger