Fylkesmannen er den fremste representanten for staten i fylket, og skal arbeide for å følgje opp Stortinget og Regjeringa sine mål og retningsliner. Arbeidsoppgåvene dekkjer eit vidt arbeidsfelt og omfattar mellom anna tilsyn med kommunane sin økonomi og forvaltning, sosialfaglege og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap og oppgåver innan sektorane helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Fylkesmannen skal òg samordne anna statleg forvaltning i fylka og ta del i samarbeid og samhandling mellom stat, fylkeskommunar og kommunar. Fylkesmannen er administrativt underlagd Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og utfører oppgåver for ei rekkje departement og direktorat.


Vi legg vekt på mangfald og oppfordrar derfor alle kvalifiserte til å søke - uansett alder, kjønn, funksjonsevne, etnisk bakgrunn eller seksuell legning. Arbeidstilhøva vil bli lagt til rette for medarbeidarar med redusert funksjonsevne, til dømes med redusert stilling der det er mogleg. Søkjarar som informerer om at dei har redusert funksjonsevne, vil bli invitert til intervju dersom dei er kvalifiserte.


Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, vil søkjaren bli varslast om dette jf. offentleglova § 25.

Ledig embete som fylkesmann i Møre og Romsdal (åremål)

Denne stillingen er ikke aktiv.

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    Avsluttet
  • Arbeidsgiver
    Kommunal- og distriktsdepartementet
  • Nettside
  • Kommune
    Molde
  • Jobbnorge-ID
    156068
  • Intern-ID
    KMD 2018/20
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Se mer

Finn andre stillinger