Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 1

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (ortopedisk kirurgi)

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1 er det ledig ei åremålsstilling  som universitetslektor (10 % bistilling) i medisin (ortopedisk kirurgi) frå hausten 2018 til 31.12.2020. Stillinga er knytt til fast hovudstilling ved Haugesund Sjukehus, Helse Fonna. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

 

Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som vert lagt vekt på ved tilsetjinga, kan ein finna lenger nede på denne sida.

 

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å venda seg til Professor Bjørn Egil Vikse, e-post: Bjorn.Vikse@uib.no , telefon 52 73 20 00 eller instituttleiar Kjell-Morten Myhr, e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no , telefon 41447868.

 

Kvalifikasjonar

For stillinga som universitetslektor vert det kravd cand.med.-grad eller tilsvarande kompetanse, godkjenning som spesialist i ortopedi, brei og relevant klinisk erfaring, samt engasjement og interesse for undervisning.

 

Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Undervisingsspråket er norsk. God munnleg og skriftleg norsk er eit krav.

 

Løn

Universitetslektor vert lønt etter lønssteg 51-61 (kode 1009/lønsramme 25.5),  for tida 449 400 - 534 100 kr brutto pr. år for ei fulltidsstilling, etter tenesteansiennitet. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. Løn er under justering.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsette pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane so m gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.

 

Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Den som vert tilsette må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Legg ved:

● vitnemål og attestar

● liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

 

Dersom du driv med forsking legg du og ved:

● fullstendig publikasjonsliste

● ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde

vitskapelege arbeid (maks 10)

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda. Vi gjer merksame på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut.


Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».


Nærare om tilsettingsprosessen her.



STILLINGSOMTALE

UNIVERSITETSLEKTOR (10 % bistilling) i medisin (ortopedisk kirurgi)

 

Ved Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som universitetslektor (10 %, bistilling) i medisin (ortopedisk kirurgi) frå hausten 2018 til 31.12.2020. Stillinga er knytt til fast hovudstilling ved Haugesund Sjukehus, Helse Fonna. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.

 

Om instituttet

Klinisk institutt 1: https://www.uib.no/k1

 

Hovudoppgåver i stillinga vil vere undervisning og tilrettelegging av praksisutplassering av medisinsk studentar som er på utplassering ved Ortopedisk seksjon ved Sjukehuset i Haugesund.

 

Søkjaren må vera spesialist i ortopedi. Det er ein fordel om søkjaren har erfaring med undervisning av medisinstudentar. 

 

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ røynsle, og vidare røynsle med populærvitskapleg formidling.

 

Det vil verte lagt vekt på røynsle innan undervisning. Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervising og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter det regelverket som til ei kvar tid gjeld for stillinga. Stillingsinnehavar må og på førespurnad eventuelt delta i instituttet sine styringsorgan, utval og anna arbeid.

 

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor normal arbeidsplikt og fagleg kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

 

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan til dømes gjerast ved innsending av:

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning
  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
  • oversyn over undervisningsomfang og -nivå
  • oversyn over mastergrads- og doktorgradsrettleiing og resultat
  • mottekne studentprisar
  • eigne pedagogiske publikasjonar
  • eigne undervisningskompendier og undervisningsmateriell
  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervising, slik som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø 

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    10. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen, Haugesund
  • Arbeidssted
    Haugesund
  • Jobbnorge-ID
    155595
  • Intern-ID
    18/8008
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger