Universitetet i Bergen

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiatstilling ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Stipendiatstilling ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

Ei ph.d.-stilling er ledig innanfor prosjektet Transformations of Medieval Law: Innovation and Application in Early Modern Norwegian Law Books, delvis finansiert av Bergens Forskningsstiftelse.

 

Ph.d.-kandidaten vil ta del i eit prosjekt som granskar omforminga av den norske lovkodeks av 1274, Landslova. Det utlyste ph.d.-prosjektet skal granske korleis Landslova blei tilpassa for å bli brukt på Island, noko som resulterte i Jónsbók i 1281. Det spørsmålet innanfor forskingsprosjektet ph.d.-avhandlinga skal medverke til å kaste lys over, er:

           

  • Kva slags tilpassingsprosessar forma den islandske Jónsbók som eit resultat av kombinasjonen av norsk og eldre islandsk lov?

 

Nokre delar av Landslova blei reviderte for å tilpassast islandske forhold, noko som viser at det var sosiale og kulturelle skilnader mellom Noreg og Island. Ved å granske desse tilpassingane vil ph.d.-avhandlinga vere eit viktig tilskot til forståinga av lovene på Island då Island var del av det norske riket. Dei delar av lova som blei endra, må identifiserast ved å samanlikne Landslova og Jónsbók både med omsyn til struktur og innhald. Det skal gjevast ei vurdering av resultata frå eit historisk og kulturelt perspektiv for å fastslå kvifor endringane vart gjorde og kva verknad dei hadde. Jónsbók må også samanliknast med den eldre norske lova for Island, Járnsíða, og med Grágás. Det teoretiske rammeverket for avhandlinga kan støtte seg på “adaptation studies” og materiell filologi, og ein skal prøve å vurdere kulturpolitikken bak omformingane av Landslova til seinare islandsk lov. Ein kan velje å granske ein utvald del av Landslova for å gjere arbeidet overkommeleg.

 

Det blir venta at kandidaten skal vere med på å organisere to internasjonale konferansar, den eine om Jónsbók (kandidatens emne for ph.d.-avhandlinga). Det vert også venta at kandidaten skal vere med på å byggje opp ein database av norske og islandske lovmanuskript, og ta del i publikumsretta arbeid og bruke sosiale medium (t.d. med å skrive bloggar).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjaren må ha oppnådd norsk mastergrad eller tilsvarande i eit emne som er relevant for norrøn filologi. Graden må vere oppnådd før søknadsfristen er ute. Søkjarar som ikkje har norsk mastergrad, blir vurderte etter krav frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT). Instituttet vil kunne sende dokumentasjon av utanlandsk utdanning til NOKUT for å vurdere om utdanningsgrunnlaget er likeverdig med norsk mastergrad.

Det er ein fordel om kandidaten er kjend med kodikologi, paleografi og latin. Det vert kravt god kjennskap til norrønt og at kandidaten kan bruke engelsk skriftleg og munnleg.

 

Kandidaten må vere sjølvstendig og motivert, ha gode samarbeidsevner og vere villig til å delta i forskingssamarbeid (som t.d. å skrive felles artiklar). I tillegg må han eller ho vere villig til å arbeide med prosjektets database av manuskript (det blir gjeve opplæring), sjekke transkripsjonar av manuskript, og arbeide med andre forskings- og formidlingsaktivitetar.

 

Søkjaren må beskrive eit forskingsprosjekt som ligg innanfor dei rammene som er gjevne ovanfor.

 

Om stipendiatstillinga

Samla tilsetjingsperiode er fire år, og utdannings- og forskingsdelen av stillinga utgjer tre år. Undervisning og forskingsadministrativt arbeid utgjer inntil eitt år og vert avtalt med instituttet ved tilsetjing. Søkjarar som tidlegare har vore tilsette i rekrutteringsstilling, kan få frådrag i tilsetjingsperioden. Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved UiB, kan ikkje søkje.

 

Tilsetjing i stipendiatstilling krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og rettar seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Om forskarutdanninga:

Stipendiatstillingar har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse. Dei som vert tilsette, vert tekne opp på UiB sitt forskarutdanningsprogram, som har ei tidsramme på 3 år. Det er ein føresetnad at dei fyller krava for opptak.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.

  • Løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 000 brutto.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse.

  • Gode velferdsordningar

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

  • Prosjektleiar Helen F. Leslie-Jacobsen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: helen.leslie@uib.no. Telefon: 55 58 94 36

  • Ph.d.-koordinator Anne Berit Apold, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. E-post: anne-berit.apold@uib.no. Telefon: 55 58 41 61.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

Slik søkjer du stillinga

Søknaden skal sendast elektronisk i Jobbnorge via lenkja «SØK STILLINGEN»

Søknadsbrevet må innehalde:

Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga.


  • CV - søkjarar må nytte det elektroniske skjemaet i Jobbnorge

  • Følgjande må lastast opp som vedlegg til søknaden (pdf eller word):

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad.

  • Prosjektomtale (inntil fem sider, maks 12 000 teikn med mellomrom), som presenterer emnet, forskingsspørsmåla og val av teori og metode.

  • Framdriftsplan for prosjektet.


  • Litteraturliste for prosjektet.


  • Samandrag av masteroppgåva (maks 3 sider).


  • Namn, telefonnummer og epostadresse for to personar som kan gje referansar.

  • Eventuelle vitskaplege arbeid (inntil 3).


  • Liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste).

 

I tillegg gjeld følgjande krav: http://www.uib.no/hf/21760/veiledning-s%c3%b8kere-til-stipendiatstillinger.

 

Vitnemål og prosjektbeskriving må vere på eit skandinavisk språk eller engelsk. Vitskaplege publikasjonar på andre språk enn skandinavisk og engelsk kan leggjast ved, men instituttet tek atterhald om at fagmiljøet har lesekompetanse i desse språka. Omsetjingar av vitnemål og vitskaplege arbeid må lastast opp som vedlegg til søknaden.

 

Dersom vitskaplege publikasjonar ikkje kan lastast opp i Jobbnorge, kan i alt tre eksemplar, sortert i tre bunkar, sendast til Universitetet i Bergen, Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, Postboks 7805, 5020 Bergen

 

Spørsmål om den elektroniske søknadsprosedyren skal rettast til fakadm@hf.uib.no
 

Søknaden skal merkjast: 2018/7850

Søknadsfrist: 21 August 2018

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    21. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155505
  • Intern-ID
    18/7850
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger