Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og likestillingsdepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Region vest senter for foreldre og barn har tre institusjonsavdelingar for foreldre og barn 0-5 år i Bergen, Stavanger og Førde. Senter for foreldre og barn, avdeling Bergen/Sudmannske har 7 utgreiings- og behandlingsplassar, Stavanger har 3 utgreiingsplassar og Førde har 3 utgreiings- og behandlingsplassar. I tillegg har senteret eit PMTO-team med terapeutar i Bergen og Stavanger, som gir eit behandlingstilbod til familiar med barn som har åtferdsvanskar. All bistand frå senteret er lovregulert i Lov om barneverntenester § 4-4, 2. ledd, og kvar kommunal barnevernteneste er innsøkande instans.
Senter for foreldre og barn i Førde gir eit inntil 8 vekers utgreiingsopphald med fokus på foreldre-barn samspel, foreldra si omsorgskompetanse og barnet si fungering. Foreldre kan få eit foreldrestøttande behandlingstilbod i inntil 3 til 6 mnd. med fokus på utvikling av foreldreferdigheiter og å styrke tiknytninga mellom foreldre og barn.
Spesialutdanna barnevernspedagog/sosionom
Om stillingen
-
SøknadsfristAvsluttet
-
ArbeidsgiverBarne-, ungdoms- og familieetaten
- Nettside
-
KommuneSunnfjord
-
Jobbnorge-ID155383
-
Intern-IDVest 50/18
-
OmfangHeltid
-
VarighetVikariat/Midlertidig