Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Forskar i storskala atmosfære dynamikk

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som forskar i storskala atmosfære dynamikk. Stillinga er finansiert av eksterne midlar. Dei første tre åra er stillinga finansiert av prosjektet Arven etter Nansen finansiert av ‎Noregs forskingsråd.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Forskinga knytt til stillinga skal bidra til forståinga av korleis atmosfæresirkulasjonen påverkar klima på høge og mellomliggande breiddegrader, med spesielt fokus på arktisk-atlantisk sektor. Kva for dynamikk kontrollerer storskala sirkulasjonen, inkludert jetstraumar, stormbanar, og vêr-regime. Kva for dynamikk kontrollerer koplingane mellom Arktis og lågare breiddegrader? Korleis påverkar sirkulasjonsmønstra klima regionalt? Kva rolle speler den synoptiske variabiliteten i dette?


Forskingsarbeidet for denne stillinga vil bli utført i nært samarbeid med teama som jobbar med storskala atmosfære dynamikk og polarklima ved Bjerknessenteret for klimaforsking, og spesielt med professor Camille Li og professor Tor Eldevik.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd ph.d.–grad eller tilsvarande utdanning innanfor atmosfæredynamikk eller meteorologi
  • Evne til å hente inn eksterne forskingsmidlar må dokumenterast.
  • Dokumentert forskingserfaring innafor storskala atmosfære dynamikk, synoptisk meteorologi og ekstratropisk bølgje-middelstraum vekselverknad med fokus på arktisk-atlantisk sektor er eit krav. Nøkkeltema inkluderer jetstraum dynamikk, stormbane dynamikk og atmosfærisk ”blokkering”.
  • Søkjaren skal ha ei god publiseringshistorie relativ til stadiet i karrieren.

  • Søkjaren må kunne arbeide med reanalyse data, modell data, statistisk analyse, R/python/Matlab/CDO og liknande programvare, og med Linux/Unix system.

  • Det er eit føremon med erfaring frå prosjektdrift.

  • Det er eit føremon med erfaring med rettleiing av studentar

  • Søkjaren må beherske engelsk skriftleg og munnleg på det nivå som krevjas for sjølvstendig og klår formidling av eiga forsking

  • Eit særskilt krav for stillinga er vilja og evna til å jobbe tett saman med det tverrfaglege prosjekt-teamet i Arven etter Nansen og samstundes jobbe uavhengig med eigne konkrete forskingsoppgåver.

I vurderinga av aktuelle kandidatar vil ei heilheitleg vurdering av både kvalitet og breidde i kandidatane si forsking bli gjennomført. Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

 

Følgjande premiss er lagt til grunn for stillinga

  • Forskaren skal vere medlem i forskingsgruppa som fagfeltet hører innunder.
  • Lønsutgiftene skal så langt som mogleg vere 100 % eksternt finansiert.
  • Forskaren skal aktivt bidra til å innhente eksterne prosjektmidlar til fagmiljøet, til både seg sjøl og andre, fra NFR, EU og andre kjelder.
  • Forskingsaktiviteten er forventa finansiert av prosjekta forskaren, og forskingsgruppa rundt forskaren, arbeider med.
  • Instituttleiar kan påleggje forskaren arbeid inn mot bestemte forskingsprosjekt
  • Forskaren kan ha verv, delta i komitear, utval m.m. innan UiB.
  • Forskaren har normalt ikkje undervisningsplikt, men er forventa å rettleie master- og ph.d.- studentar, i den grad dette går inn som ein naturleg del av forskingsverksemda i forskingsgruppa.
  • Forskaren kan søkje kompetanseopprykk etter reglementet for opprykk.

 Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 515 200,- brutto per år (kode 1109) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar
  •  

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.


Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Tor Eldevik eller Professor Camille Li ved Geofysisk institutt.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.


Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155340
  • Intern-ID
    2018/8183
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger