Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 1

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Postdoktor 50 % (4 år) ved Klinisk institutt 1

Ved Det medisinsk-odontologiske fakultet, Klinisk Institutt 1 er det ledig ei mellombels 50 % stilling som postdoktor  for ein periode på fire (4) år.

 

Stillinga er knytt til prosjektet “Functional imaging for individualized cancer treatment”, finansiert av Bergen Forskingsstiftelse.

 

Prosjekt

Målet med prosjektet er å undersøkje bildebiomarkørar i dyremodellar av gynekologisk kreft og sjå korleis desse har samanheng med kliniske særtrekk og molekylære eigenskapar ved svulsten. Målet er å bidra til å etablere gode prekliniske dyremodellar der det nyttast avanserte bildemetodar i utprøvinga av målretta terapi ved gynekologisk kreft.

 

Hovudoppgåver

Hovudoppgåva til postdoktorkandidaten vil vere å arbeide med prekliniske dyremodellar av gynekologisk kreft der avansert avbilding inngår, og undersøkje korleis bildebiomarkørar er knytt til molekylære og genetiske endringar i svulsten samt korleis bildemarkørane endrar seg under pågåande behandling. 

 

Nærare opplysingar om stillinga kan ein få ved å kontakte Professor Ingfrid Haldorsen,

e-mail: ingfrid.haldorsen@uib.no, tlf.: +47 55972327

 

Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar

  • Den som vert tilsett må ha norsk doktorgrad eller tilsvarande utanlandsk utdanning innan fagfelta medisin, kreftforsking eller  molekylær biologi eller ha levert doktoravhandlinga til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad for tilsetjing at avhandlinga er godkjend.
  • Kandidaten må ha dokumentert erfaring med prekliniske dyrestudiar og  avansert preklinisk avbilding.  
  • God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
  • I tilsetjinga vil det verte lagt avgjerande vekt på fagleg styrke, forskingskompetanse og erfaring frå liknande prosjekt, gode samarbeidsevner samt evne og motivasjon til å gjennomføre eit postdoktorprosjekt.

Kandidaten er forventa å vere knytt til Mohn Medical Imaging and Visualization Centre, Bergen Abdominal Imaging Research Group og Bergen Gynecologic Cancer Research Group. 

 

 

Vi kan tilby

  • Eit godt og utfordrande arbeidsmiljø i forskingsfronten innan gynekologisk kreft.
  • Løn etter lønssteg 57 (kode 1352/lønsramme 24.1) for tida kr 497 000, med medisinsk eller odontologisk embetseksamen lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24.3) for tida 515 200, med spesialistutdanning lønssteg 61 (kode 1352/lønsramme 24.5) for tida 534 100, i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. Løn er under justering
  • God pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Nærare om tilsetjingsprosessen her.

 

Om postdoktor stillingar
Føremålet med stillingane er vitskapleg kompetansebygging gjennom ei vidareføring av forskingsarbeid til eit høgare nivå enn det som er mogleg innafor eit ordinært doktorgradsprogram. Stillingane har som hovudmål å kvalifisere dei som vert tilsette for arbeid i faglege toppstillingar.


Det er eit mål at tilsetjingsperioden skal gjennomførast som eit samanhengande forskingsprogram. Det vert vanlegvis ikkje gjeve permisjon for andre føremål enn det som er fastlagt ved lov.


Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet. Framlegget utarbeidas i samarbeid med prosjektleiar/leiar og skal også innehalde ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som vert tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.


Den tilsette kan bli pålagt opp til 25 % pliktarbeid i form av undervisning og liknande arbeid ved instituttet.


Postdoktorstillingar er åremålsstillingar. Du kan ikkje tilsetjast i meir enn ein periode som postdoktor ved UiB. Du kan heller ikkje tilsetjast i postdoktorstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen.

 

Om rekruttering i statlege stillingar

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og å rekruttere personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda til å søkje stillinga.

 

Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar utvida offentleg dokumentinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Vi gjer deg difor merksam på at opplysningar om deg som søkjar kan gjerast offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å stå på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert du varsla om dette.

 

Slik søkjer du stillinga

Send søknad som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

 

Søknaden skal innehalde:

  • søknadsbrev der du skriv noko om din motivasjon for stillinga og kvifor du søkjer
  • attesterte kopiar av vitnemål og relevante attestar (søkjarar med utanlandsk utdanning må leggje ved både vitnemål på original språket og autoriserte omsetjingar)
  • publikasjonsliste
  • vitskapelege arbeid. Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden (pdf).
  • to referansar (namn og kontaktinformasjon) 

Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknader vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    22. juli 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Arbeidssted
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155216
  • Intern-ID
    18/7967
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger