Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Postdoktor i bioinformatikk

Ved Institutt for informatikk er det ledig ei stilling som postdoktor i bioinformatikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.


Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Koronar hjartesjukdom (CAD) er den viktigaste dødsårsaken i verda. I løpet av det siste tiåret har genom-vide tilknytingsstudiar identifisert hundrevis av genetiske loki knytt til risiko for kardiometabolsk sjukdom. Ei viktig oppgåve er nå å forstå dei molekylære mekanismane som gir CAD-risiko, og å omsetje disse funna til nye terapiar og til diagnostikk. I STARNET-studien er genotype og RNA-sekvenseringsdata frå vaskulære og metabolske vev frå 600 CAD-pasientar blitt generert.

Målet med prosjektet er å utnytte denne ressursen ved å bruke maskinlæringsmetodar for å knytte genetiske variantar med endringar i transkripsjonsprofiler og gen-nett som har årsakssamanheng med CAD, og å oppdage kandidat-molekyl som retta mot disse nettverka ved å analysere bibliotek av signaturar for respons i transkripsjon gitt molekylære forstyrringar.

 

Den som vert tilsett vil bli del av ei internasjonal forskargruppe ved Universitetet i Bergen, Icahn School of Medicine i Mt Sinai og Det integrerte kardiometabolske senteret ved Karolinska Instituttet, med mange høve til samarbeid. For meir informasjon om forskargruppa, sjå her.

 

Det inngår også pliktarbeid for instituttet i stillinga, til dømes oppgåver relatert til undervisning og rettleiing, fordelt med om lag 20 % over tilsetjingsperioden.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor bioinformatikk, informatikk, fysikk, matematikk eller anna relatert felt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Dokumentert evne til publisering gjennom artiklar publisert i fagfelle-vurderte tidsskrifter og presentasjonar på vitskaplege konferansar, er eit krav.

  • Erfaring med programmering i minst eitt programmeringsspråk (C, C++, Java) er eit krav.

  • Erfaring med arbeid i et numerisk databehandlingsmiljø (Python, R, Matlab) er eit krav.

  • Erfaring med analyse av genom-vide data (genom-, epigenom- eller transkriptome-sekvensering eller mikroarray-data) er ein føremon.

  • Erfaring med bruk av maskinlæringsalgoritmar på store mengder data er ein føremon.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.

  • Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Stillinga vil kunne bli forlenga med inntil eitt år dersom kandidaten får innvilga forskingsopphald i utlandet frå eksterne kjelder (maks fire år totalt). Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 59 (kode 1352/lønsramme 24, alternativ 3) i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200 ,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

 Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

 Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Tom Michoel, Computational Biology Unit, Department of Informatics.


Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155161
  • Intern-ID
    2018/5427
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger