Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Stipendiat i statistisk hydrologi og klima modellering

Ved Geofysisk Institutt er det ledig ei stilling som stipendiat i statistisk hydrologi og klima modellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år, knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning, Universitetet i Bergen

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Tradisjonelt har simulering av historisk og framtidig elveavrenning blitt utført med hydrologiske modellar som krev høgfrekvente meteorologiske inngangsparametere med god kvalitet, samt observasjonar av avrenning for kalibrering av modell parametere. Dagens berekningar av returverdiar knytt til flom er ofte basert på ekstremverdi analyse med observasjonar av avrenning som inngangsdata. Dette er metodar som ofte antar at det ikkje er systematiske forandringar i avrenninga over tid. Ei antagelse  som ikkje held i eit klima i forandring. For ei meir realistisk berekning av returverdiar trengs det lengre tidsseriar. Ein mogeleg framgangsmåte er bruk av rekonstruerte flomhendendingar tilbake i tid basert på paleodata og lange klimasimuleringar. Med nye teknikkar innan maskinlæring og tilgangen på høgoppløyselig (daglige) data frå klimamodellar som har simulert klima fleire hundre år tilbake i tid er det nå mulig å formulere nye idear rundt korleis ein skal berekne flom i et foranderleg klima.

 

PhD stillinga vil ha som mål å utvikle eit nytt hydrologisk verktøy som kan gjøre seg bruk av dei nye informasjonskjeldene samt bruke dette verktøyet til å simulere forandringar i regional sannsynlegheit for forskjellige typar flom bakover så vel som framover i tid. For at eit slikt verktøy skal kunne brukast på historiske så vel som framtidige klimasimuleringar, må ein ta høgde for dei begrensningane som ligg i inngangsdataene og kunne berekne variasjonar på ei rekke tidsskalaer. Som eit resultat av dei begrensningane inngangsdataene sett, ser vi for oss eit verktøy som består av maskinlæringsalgoritmer som læres opp til å berekne linken mellom storskala atmosfærisk informasjon og elveavrenning for norske elver. Systemet vil bli trent på avrenningsobservasjonar for ei rekke elver og testa på observasjonar som ikkje har inngått i læringa.

 

PhD stillinga vil inngå som ein del av Bjerknessenteret og prosjektet Climate Hazards and Extremes (CHEX). Bjerknessenteret er det største naturvitenskapelige forskningssenteret på klima i Norden og har eit svært internasjonalt miljø med over 200 forskarar frå 37 land. Som stipendiat vil du være ein del av den nasjonale forskarskolen på klima - Changing Climates in the Coupled Earth System (CHESS) som tilbyr ei rekke relevante PhD kurs.

 

Kvalifikasjoner og egenskaper

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande innanfor fagfelta berekningsorientert statistikk, maskinlæring, hydrologi, meteorologi eller geovitskap. Masterstudentar kan søkje om dei fullfører den endelege mastereksamen før 01.09.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Vi ser etter kandidatar med kunnskap om statistiske tid-rom metodar som er relevante for klimaforskning og nedskalering.
  • Kunnskap om maskinlæring er en fordel.
  • Erfaring med statistisk evaluering og analyse av hydrologiske modeller, vær eller klima data, eventuelt erfaring med frekvensanalyse er ein fordel.
  • Praktisk erfaring i programmering (Fortran, C++, matlab, python, R eller liknande) er eit krav.
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjaren må ha gode skriftlige og munnlege engelskkunnskapar
  • Søkjaren må være villig til å lære seg norsk om ein ikkje allereie kan det.
  • Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
  • Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane. 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Delar av pliktarbeidet vil være knytt til prosjektet Ekte data” som lager oppgåver til bruk i vidaregåande skule basert på ekte målingar og datasett frå naturen (https://ektedata.uib.no/) Om ein tidlegare har vore tilsett i ein rekrutteringsstilling, kan det verta gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø på Geofysisk Institutt og Bjerknessenteret for klimaforskning
  • løn etter kroner 449 400,- brutto per år (kode 1017) ) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom mastervitnemålet ikkje er ferdig, ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert eller under ferdigstilling.
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle relevante publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:

Prof. Asgeir Sorteberg, Geofysisk Institutt, Universitetet i Bergen (asgeir.sorteberg@uib.no) eller Prof. Jostein Bakke, Institutt for Geovitenskap, Universitetet i Bergen (jostein.bakke@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155150
  • Intern-ID
    2018/3037
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger