Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Overingeniør/avdelingsingeniør innan programvareutvikling for klimavarsling

VedGeofysisk institutt og Bjerknessenteret for klimaforsking er det ledig ei fast stilling som overingeniør/avdelingsingeniør innan programvareutvikling for klimavarsling. Stillinga er knytt til eksterne prosjekt. Dersom ingen av søkjarane kvalifiserer for ei stilling som overingeniør, vil vi vurdere å tilby ei stilling som avdelingsingeniør. Kvalifikasjonskrava vil då bli tilsvarande redusert.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåvene

Stillinga er støtta av Noregs Forskingsråd gjennom infrastrukturen for den norske jordsystemmodellen (INES prosjektet) som utviklar neste generasjon av den norske jordsystemmodellen. Stillinga inngår i Bjerknes klimavarslingssenter, som fokuserer på å varsle klimaet i den atlantiske-arktiske sektoren frå sesong skala til lengre tidsskalaer.

 

I stillinga vil ein vedlikehalde og oppgradere dokumenteringa av den norske klimavarslingsmodellen NorESM. Det inkluderer utvikling av programvare for automatisering av varslingseksperiment og diagnostikk for å overvake presisjon i varsla og flytting av systemet til ny HPC infrastruktur, design og implementering av strategiar for parallellisering, profilering og optimalisering av prestasjonar på kvar HPC fasilitet. Stillinga er utforma til å støtte forskarar på Bjerknes klimavarslingssenter ved utføring av numeriske eksperiment og i tilhøyrande datahandtering. Det vil vere eit tett samarbeid med utviklarane av varslingssystemet.  

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarane må ha mastergrad innanfor informatikk, informasjonsteknologi, fysikk eller annan relevant disiplin. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Svært gode ferdigheiter i programmering er eit krav (spesielt Fortran, og/eller C/C++), parallellprogrammering, UNIX/LINUX plattformar, og tolkingsprogram(bash, Python).
  • Erfaring med klimamodellering og varslingssystem basert på numerisk modellering og tungrekning.
  • Erfaring med overvaking/vurdering av treffsikkerhet til varsla og bakgrunn i statistikk.
  • Erfaring med plattformar for å styre og utvikle store samarbeidsprosjekt (git og SVN).
  • Erfaring med programvare for å styre arbeidsflyten i numeriske modelleksperiment (som Autosubmit og OpenIFS).
  • Kunnskap om format for klimadata (NetCDF, GRIB) og teknologi for deling av data (for eksempel gjennom web-tenester som ESGF, OPeNDAP).
  • Gode ferdigheiter i engelsk, både skriftleg og munnleg, er naudsynt for kommunikasjon med andre forskarar.
  • Spesielle krav til stillinga er vilje og evne til å arbeide på tvers av fagområde i eit tverrfaglig team, samt å jobbe sjølvstendig med eigne oppgåver.

 

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Stilling som overingeniør (kode 1087), kr 480 600- 544 400, alternativt som avdelingsingeniør (kode 1085), kr 421 700 – 472 300 brutto per år etter hovudtariffavtalane i staten. For særskilte kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurdarest.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Noel Keenlyside, Geofysisk institutt, Noel.Keenlyside@uib.no  eller Dr Mao-Lin Shen, Geofysisk institutt, Maolin.Shen@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155146
  • Intern-ID
    2018/6435
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger