Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Stipendiat i fysisk oseanografi

Ved Geofysisk institutt, Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år, med 25% beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning og toktrelatert arbeid). Stillinga er knytt til Arven etter Nansen (http://nansenlegacy.org).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Arven etter Nansen er det norske arktiske forskingsfellesskapet sin felles innsats for å etablere ei heilskapleg forståing av det arktiske marine klima og økosystem i endring. Prosjektet skal gi ein vitskapleg kunnskapsbase som er nødvendig for framtidig bærekraftig ressursforvalting i Barentshavet og kringliggande havområde. Det er et samarbeidsprosjekt mellom ti norske forskingsinstitusjonar med varigheit på 5 år, 2018-2023. Aktivitetane i prosjektet vil omfatte internasjonalt samarbeid, og fleire tokt med det nye isgåande forskingsfartyet Kronprins Haakon.

 

Det er ei målsetting om at den som vert tilsett skal bruke avansert teknologi og autonome farty som undervass-glidarar og andre autonome farty for å undersøkje ulike parameter for vertikale og laterale blandingsprosessar på høgre breiddegrader, ved iskanten og ved forntar i havet. Arbeidet vil i hovudsak vere konsentrert om områda nord for Svalbard med særlig fokus på den varme atlantiske grenselagsstraumen, og i det sentrale Barentshavet med særleg fokus på den termohaline polarfronten.

Den som vert tilsett vil undersøke prosessane på skalaer frå kvervlar og frontar til småskala turbulens og blanding. Arbeidet vil vere basert på observasjonar frå undervassglidaraar og AUV, moderne skipsbasert utstyr og oseanografisk instrumentering på bøyer. I tillegg er standard måleparametere og mikrostrukturmålingar planlagd utførd med glidarar, autonome farty og skipsbaserte vertikale mikrostrukturprofilar. Kandidaten vil delta i tokt på forskingsfartyet Kronprins Haakon og utføre målingar og hente inn data. Arbeidet skal gjennomføras i nært samarbeid med forskargrupper frå Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet (NTNU) og Universitetssenteret på Svalbard (UNIS), samt et solid internasjonalt nettverk. Den som vert tilsett vil vere ein del av forskingsgruppa i fysisk oseanografi ved Geofysisk institutt.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i oseanografi, meteorologi, fysikk, anvend matematikk eller liknande fagområde, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • God forståing av de fysiske prosessane i havet samt gode ferdigheiter i matematikk og programmering er eit krav
  • Erfaring med tokt, og særleg undervass-glidarar, AUV, eller vertikale mikrostrukturprofilar er ein føremon
  • Erfaring frå dataanalyse og vitskapelge publikasjonar er ein føremon
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, bistand ifm tokt og glidaraktivitet, undervisning og formidling.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 449 400,- brutto per år (kode 1017) ) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Professor Ilker Fer, Geofysisk institutt, ilker.fer@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155144
  • Intern-ID
    2018/7630
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger