Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Førsteamanuensis i havvindenergi

Ved Geofysisk institutt er det ledig ei fast stilling som førsteamanuensis i havvindenergi.

 

Om instituttet

Geofysisk institutt ble etablert av norske pionerar i meteorologi og oseanografi og held til i historiske lokale sør på Nygårdshøyden i Bergen. Geofysisk institutt driv undervisning og forsking i meteorologi, oseanografi, biogeokjemi, klima og energi. Instituttet har 19 faste vitskaplege stillingar og 19 teknisk/administrative stillingar. I tillegg har instituttet for tida 15 professor II og førsteamanuensis II-stillingar og til saman om lag 55 ph.d.-studentar, postdoktorar og forskarar knytt til fagmiljøet. Meir informasjon om Geofysisk institutt finn ein på www.uib.no/gfi

 

Arbeidsoppgåver / forskingsområde

Forsking på fornybar energi har blitt stadig meir sentralt og vil bli særs viktig i åra framover om ein skal lukkast globalt med å få ei berekraftig energiforsyning. Instituttet ønskjer å styrke forskings- og utdanningstilbodet retta mot fornybar energi og energiomstilling med fokus på vindenergi til havs.

 

Energiproduksjon frå vind til havs vil spele ei viktig rolle i den globale omstillinga mot berekraftig energiforsyning. Kompetanse til å vurdere miljøkrefter på havvindturbiner, herunder bruk av eksperimentelle og numeriske metodar, kostnadseffektiv design, korleis energiproduksjonen varierer og integrasjon av variabel fornybar energi i energisystema er alle aktuelle tema som er relevante for stillinga. Klimavariabilitet utgjer ikkje berre vesentlege rammevilkår for vindenergiproduksjon, men også for utnytting av sol- og bølgjeenergi. Difor er det viktig at utdanninga i energi har ei tverrfagleg innretting og utviklar samarbeid mot relevante aktivitetar på Geofysisk Institutt og andre fagmiljø ved Universitetet i Bergen. Den som vert tilsett, må ha ambisjonar innan forsking og undervisning som rettar seg inn mot desse behova.

 

Dette temaet er ikkje berre sentralt for Universitetet i Bergen si satsing på fornybar energi og energiomstilling, men også for store nasjonale og europeiske aktørar. Geofysisk institutt vil difor halda fram og styrkje forsking og utdanning som set søkelys på energiforsyning frå vind, sol og hav. Instituttet driv aktiv forsking på vindstrukturar i turbinhøgd heilt frå rotorbladskala til lengdeskalaer som famnar fleire vindparkar. Instituttet har ein svært omfattande utstyrspark, både for måling av vind i det marine grenselaget og av havsirkulasjonen. Energigruppa ved instituttet driv også forsking på korleis variabel fornybar energi kan inngå i elektrisitets- og energisystemet.

 

Instituttet driv også forsking på storstilte sirkulasjonsfenomen og utveksling av vatn mellom polområda og verdshava. Det er ein omfattande aktivitet omkring karbonkretsløp i havet både eksperimentelt og teoretisk og like eins på numeriske simuleringar med havmodellar, atmosfæremodellar og globalt kopla klimamodellar. Av den meteorologiske forskinga er det aktivitetar retta mot hav-vind, luft-hav-is vekselverknad og meteorologiske prosessar knytt til vêrvarsling som er særleg relevante for den aktuelle stillinga.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk doktorgrad i meteorologi, fysisk oseanografi, marin teknologi, energi eller tilsvarande kompetanse
  • Søkjarar må kunne dokumentere kompetanse innan havvindenergi
  • Den som vert tilsett må kunne undervise i fornybar energi på alle nivå
  • Ein ventar at den som vert tilsett, kan delta i og vidareutvikle fakultetet sitt masterprogram i energi, skaffe finansiering og drive forsking i samarbeid med relevante eksterne og interne forskingspartnarar, særleg innan industri og næringsliv
  • Søkjarar må kunne definere master- og doktorgradsprosjekt, og dessutan rettleie studentar i desse
  • Vi søkjer ein person som har erfaring, ambisjonar, forskings- og undervisingsplanar innan dette feltet
  • Søkjarar må kunne dokumentera evne til å innhente ekstern forskingsfinansiering.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og samstundes ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må ha gode engelskkunnskapar, skriftleg og munnleg.

Ved evaluering av søkjarane vil det bli lagt vekt på ei samla vurdering av følgjande (i rangert rekkefølgje):

  • kvalitet og kvantitet i forskingsresultat
  • erfaring med prosjektleiing, koordinering av forskingsaktivitet og forskingsstrategisk arbeid, med særleg vekt på forskingssamarbeid mellom akademia og næringsliv
  • erfaring med forsking og utvikling i næringsliv/industri
  • undervisnings- og rettleiingserfaring
  • dokumentert vilje og evne til samarbeid

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Undervisning - kvalifikasjonar og eigenskapar

Søkjarar må dokumentere sine pedagogiske kvalifikasjonar og erfaring i undervisning og rettleiing av studentar.

Dette vil til dømes gjerast ved å sende inn

 

  • prov for gjennomført pedagogisk utdanning

  • evalueringsrapportar av søkjaren si undervising

  • oversyn over undervisingsomfang og -nivå

  • oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat

  • mottekne undervisningsprisar

  • eigne pedagogiske publikasjonar

  • eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell

  • rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø 

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det er eit krav at den som blir tilsett, kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga.

 

Den som vert tilsett må ha pedagogisk basisutdanning, men søkjarar som ikkje fyller dette kravet ved tilsetjinga får tilbod om opplæring og må dokumentere at utdanninga er fullført innan eit år etter dato for tilsetjing. Fristen er to år for den som ved tilsetjinga ikkje meistrar eit skandinavisk språk.

 

Ved Universitetet i Bergen blir det lagt reell vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.

 

Vi kan tilby

  • vi tilbyr eit spanande og utadretta undervisnings- og forskingsmiljø med eit breitt arbeidsfelt, og gode høve for å bidra aktivt i nasjonale og internasjonale fagmiljø.

  • løn etter kroner 565 500 – 658 300,- brutto per år (kode 1011) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Førsteamanuensis i fast stilling har høve til å søkje om opprykk til professor etter kompetanse. Fristen for slik søknad er 15 september kvart år.

 

Søknaden skal innehalde:

  • CV

  • vitnemål og attestar

  • fullstendig publikasjonsliste

  • ei kort utgreiing om søkjaren si interesse og motivasjon for å søkje denne stillinga, samt over dei viktigaste resultata i søkjaren si forsking (2-3 sider)

  • ei fullstendig liste over undervisningserfaring, inkludert roller i underviste kurs

  • vedlegg som dokumenterer pedagogiske kvalifikasjonar

  • liste over vitskapelege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er publiserte

  • namn på tre referansar, kor minst ein må kjenne søkjaren frå undervisingsarbeid 

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknadar sendt på epost vil ikkje verte vurderte.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til instituttleiar, professor Nils Gunnar Kvamstø, Geofysisk institutt, Nils.Kvamsto@uib.no, tlf. 55 58 28 98 eller til professor Finn Gunnar Nielsen, Finn.Nielsen@uib.no tlf. 55 58 26 44.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan offentleggjerast sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om det.

 

Den som blir tilsett må rette seg etter retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    7. september 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    155017
  • Intern-ID
    2018/6417
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger