Universitetet i Bergen

Institutt for biovitenskap

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Seniorkonsulent (studiekonsulent)

Ved Institutt for biovitskap (BIO) er det ledig inntil tre stillingar som seniorkonsulent (studiekonsulent).

 

BIO er med sine ca. 260 ansatte og omtrent 670 studentar eit stort og faglig vidfamnande institutt, med forskingsaktivitet innan bl.a. utviklingsbiologi, mikrobiologi, molekylærbiologi, evolusjonsbiologi, miljøtoksikologi, økologi og biodiversitet. Instituttet er sterkt involvert i tema som havbruk, fiskehelse og fiskeri, og om lag 2/3 av den vitskaplege staben arbeider med marine problemstillingar.

 

Undervisninga ved instituttet dekker eit bredt spekter av biologiske disiplinar og omfattar to bachelorprogram, to masterprogram, to integrerte femårige studieprogram (Fiskehelse, Havbruk og sjømat) og lærarutdanning, forutan doktorgradsutdanning.

 

Stillinga(ne) vil vere ein del av instituttet sin studieseksjon med til saman ti tilsette. Seksjonen har administrativt ansvar for instituttet sine studieprogram på bachelor-, master- og doktorgradsnivå. Seksjonen er òg sekretariat for instituttet sitt studieprogramstyre og forskarutdanningsutval. Studieseksjonen samarbeider tett med bioCEED (Senter for framifrå utdanning i biologi) om undervisningsutvikling og utdanningsprosjekt. Den (dei) som vert tilsett, vil få delegert administrativt ansvar for eit studieprogram eller studieretning ved instituttet enten aleine eller saman med andre.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Saksbehandling i studierelaterte saker

  • Timeplanlegging og eksamensadministrasjon

  • Koordinering/informasjon mot studentar/studentorganisasjonar/undervisarar/andre program og emne

  • Informasjons- og formidlingsarbeid, både knytt til rekruttering og generelt informasjonsmateriell om studiet (inkludert webinformasjon)

  • Studentopptak og -mottak

  • Studierettleiing

  • Internasjonalisering (studentmobilitet, administrasjon av eksternfinansierte prosjekt retta mot internasjonalt studiesamarbeid, kontakt og rettleiing av prosjektleiarar på slike prosjekt, koordinering mot internasjonalt kontor, etc.)

  • Delta i utvikling av dei respektive programma/retningane og emna saman med emneansvarlege, fagansvarlege, faggruppeleiarar og programstyra

  • Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og -emne

  • Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning.

Andre studieadministrative oppgåver kan også bli aktuelle.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha utdanning på mastergradsnivå. Lang, relevant praksis kombinert med relevant etter- og vidareutdanning kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning.
  • Det er ynskjeleg med biologi og gjerne andre naturvitskaplege fag i fagkrinsen.
  • Kjennskap til universitets- og høgskulesektoren
  • Det er naudsynt med god administrativ IT-kompetanse.
  • Kjennskap til og erfaring i bruk av Felles Studentsystem (FS) og elektroniske portalar er ein føremon
  • Det vil bli lagt vekt på erfaring med studie- og utdanningsrelatert arbeid, sakshandsaming og administrasjon.
  • God evne til å kommunisere skriftleg og munnleg både på norsk og engelsk.
  • Relevant praksis er eit krav.
  • Personlege eigenskapar som er naudsynte for stillinga, vil bli vektlagt

Vi kan tilby:

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • Stilling som seniorkonsulent (kode 1363) i lønssteg 50–55 (for tida kr 442 400 – 480 600) i det statlege lønsregulativet.

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit anerkjent utdannings- og forskingsmiljø.

  • Høve til å delta i arbeid med utvikling av innovative og framifrå undervisingsopplegg innan biologi.

  • Høve til fagleg og personleg utvikling i nært samarbeid med våre vitskapleg tilsette som driv undervisning.

  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar 

Meir informasjon om kva UiB kan tilby som arbeidsgjevar finn ein på UiB sine nettsider http://www.uib.no/hr/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillingane kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Terje Restad (Terje.Restad@uib.no), eller konstituert studieleiar Beate Ulrikke Rensvik (Beate.Rensvik@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154957
  • Intern-ID
    18/7449
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Fast

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger