Universitetet i Bergen

Geofysisk institutt

Postdoktor i klimamodellering

VedGeofysisk institutt er det ledig ei stilling som postdoktor i klimamodellering. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og er knytt til eksternt finansierte prosjekter.

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

Postdoktorstillingen er ein del av prosjektet Arven etter Nansen, eit nasjonalt prosjekt som har som mål å utføre tverrfagleg forsking på endringane i klima og økosystemi Barentshavet. Stillingen vil ligge under Bjerknes Climate Prediction Unit som fokuserer på å forutsei klimaet i Atlanterhavet/Arktis frå tidsperioder frå en sesong til flere år. Det vil og vere synergier med EU H2020-prosjektet Blue Action: Arctic Impact on Weather and Climate (http://blue-action.eu) og NordForsk prosjektet Nordic Excellence Center ARCPATH (http://www.ncoe-arcpath.org). De prosjekta er begge tverrfaglege og de tar sikte på å gi innsikt i framtidige, klimatiske og samfunnsmessige endringar i Arktis.

 

Hovudmålsettinga for stillinga er å utvikle ein versjon av den norske jordsystemmodellen NorESM med forfina romleg oppløysing. Ein slik modell er forventa å vidareutvikle kunnskapen om samspillet mellom Nord-Atlanterhavet, Dei nordiske hav og Arktis samt å betre beskriva vekselverknaden mellom hav og atmosfære knyttet til temperaturfrontar på midlare breiddegrader. Kandidaten vil bruke modellen til å studere variasjoner og forutsigbarheit av klimaet i Arktis og Nord-Atlanteren. Det vil være et nært samarbeid med utviklarane av den norske jordsystem- og klimaframskrivingsmodellen, og spesielt med forskarar og stipendiatar som arbeider med mekanistisk forståing, dataassimilering og biogeokjemi.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Søkjarar må ha oppnådd norsk ph.d grad eller tilsvarande i matematikk, fysikk, meteorologi, oseanografi, klimadynamikk eller andre relevante disipliner, eller ha levert doktoravhandlinga si til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Inngåande kunnskap i anvendt matematikk er nødvendig.

  • Erfaring med numerisk modellering og berekningsorientert matematikk (high-performance computing) er nødvendig. Erfaring med hav- og atmosfæremodeller er ein føremon.

  • Svært gode programmeringsevner i Fortran, Matlab eller Python.

  • Forståelse av klimadynamikk og forutsigbarhet. Kunnskap om havbiogeokjemi og dataassimilering vil være fordelaktige.

  • Det er nødvendig med gode ferdigheiter i både skriftlig og munnleg engelsk for publisering av resultater og kommunikasjon med kollegaer.

  • Spesielle krav til stillingen er vilje og evne til å arbeide på tvers av fagområder i ei tverrfagleg forskningsgruppe, samt å arbeide selvstendig med egne oppgaver. 

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Forskingsrøynsle, ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Etter tiltreding skal postdoktoren i samarbeid med rettleiar og instituttleiar utarbeide ein plan for kvalifiseringsarbeidet, inkludert framdriftsplan.

 

Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og faglig utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter kroner 515 200,- brutto per år (kode 1352) etter hovudtariffavtalane i staten ved tilsetjing. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse.
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga

  • CV

  • karakterutskrifter og vitnemål, samt stadfesting på at doktorgradsavhandlinga er levert

  • relevante attestar

  • liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Noel Keenlyside , Geofysisk institutt, Noel.Keenlyside@uib.no

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

 

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154955
  • Intern-ID
    2018/6154
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger