Universitetet i Bergen

Institutt for informatikk

Stipendiat (inntil 3 stillingar) i visualisering

Ved Institutt for informatikk er det ledig inntil tre stillingar som stipendiat i visualisering. Stillingane er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år. Ein ph.d-grad i informatikk, visualisering, er svært etterspurd innan næringsliv, forvaltning og akademia.

 

Stillingane er innan feltet medisinsk visualisering, delvis finansiert av Bergen Forskingsstiftelse (BFS), og knytt til det nyleg etablerte Mohn Medical Imaging and Visualization Centre (MMIV).

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Vi søker etter høgt motiverte kandidatar med interesse for visualisering. Den som vert tilsett bør ha god kompetanse i visualisering, menneske-datamaskin interaksjon og/eller datagrafikk. Meir detaljert:

  • Du må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande i informatikk. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelige mastereksamen før 01.12.2018. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.

  • Erfaring innan medisinsk visualisering er ein føremon.

  • Gode ferdigheter innan programmering er eit krav, og GPU programmeringsferdigheter (OpenGL, OpenCL, CUDA, WebGL, etc.) er ønskeleg.

  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.

  • Du må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år beståande av oppgåver relatert til undervisning, fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vil bli avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjings-perioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø

  • løn etter lønssteg 51 (kode 1017 /LR20, alternativ 9) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 449 400,- brutto. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om dine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.

  • CV i PDF-format (i tillegg til CVen du fyller inn i Jobbnorge-portalen)

  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad

  • relevante attestar

  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Stefan Bruckner (stefan.bruckner@uib.no) eller førsteamanuensis Noeska Smit (noeska.smit@uib.no).

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

 

 

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154928
  • Intern-ID
    2018/6424
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger