Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Postdoktor i romfysikk/atmosfærefysikk ved Birkeland Centre for Space Science (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi er det ledig ei stilling som postdoktor. Stillinga er for ein periode på 4 år og knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

 

The Birkeland Centre for Space Science (BCSS) er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:

  

1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?

 

Postdoktoren vil vera ein del av forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 3. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæren forårsaka av energirik partikkelnedbør. Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidera med gassane i atmosfæren. Kollisjonane innleiar ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av NOx og HOx gassar. Desse gassane kan i sin tur bryta ned ozon som er viktig for energibudsjettet i atmosfæren. Dersom ein endrar mengda ozon i den øvre stratosfæra, kan ein forandra temperatur og vindar i dette området. Om, korleis og i kva grad desse endringane påverkar tilhøva djupare ned i atmosfæren er framleis uvisst.

 

Kandidaten skal ha god kunnskap samt erfaring med data analyse og/eller modellering i minst eitt av dei følgjande felta:

 

         - fysikken relatert til partikkelnedbør i atmosfæren

         - kjemiske effektar av partikkelnedbør i den middlare atmosfæren (30-100 km)

         - kjemi og dynamikk i den middlare atmosfæren (30-100 km)

 

Kandidaten skal skriva eit prosjektforslag (1-3 sider) der han/ho foreslår idear og forklarar korleis deira ekspertise passar med dei vitskaplege målsetjingane til gruppe 3. Den endeleg prosjekt- og progresjonsplanen vil verta skrive i samråd med prosjektleiar ved tilsetjing.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Du må ha oppnådd ph.d. – grad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk, atmosfærefysikk eller eit relatert fagfelt, eller ha levert doktoravhandlinga di til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at doktorgraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Du må ha gode ferdigheiter innan programmering.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Du må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande.

 Særeigna krav for stillinga:

  • Kandidaten må dokumentera kunnskap om og ha erfaring med minst eitt av dei følgjande tema:

          1) fysikken relatert til partikkelnedbør i atmosfæren

          2) kjemiske effektar av partikkelnedbør i den middlare atmosfæren (30-100 km)

          3) kjemi/dynamikk i den middlare atmosfæren

  • Kunnskap og erfaring med å arbeida med ozon variasjon, meteorologiske reanalysar og/eller atmosfæremodellar er ein føremon
  • Kunnskap og erfaring med å arbeida med den spektrale strålingspåverkinga til sola er ein føremon.

Om postdoktorstillinga

Postdoktorstillinga er ei åremålsstilling og har som hovudmål å kvalifisere den som blir tilsett for arbeid i vitskapelege toppstillingar. Ingen kan tilsetjast i meir enn éin åremålsperiode som postdoktor ved same institusjon.

 

Søkjarar skal ved tilsetjing kome med framlegg til plan for kvalifiseringsarbeidet som inneheld ein framdriftsplan. Det er ein føresetnad at den som blir tilsett gjennomfører prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 59 i statens regulativ (kode 1352) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr 515 200,- brutto.

  • medlemskap i Statens pensjonskasse

  • inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:

  • eit prosjekt forslag (1-3 sider) der du foreslår idear og forklarar korleis din ekspertise passar med dei vitskaplege målsetjingane til gruppe 3
  • namn og kontaktopplysningar til minst to referansar. (Ein av desse bør vera hovudrettleiaren frå doktorgradsutdanninga.)
  • CV
  • vitnemål og karakterutskrifter (eventuelt ei stadfesting av at doktoravhandlinga er levert)
  • relevante attestar
  • eventuell publikasjonsliste

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. Søknader sendt til enkeltpersonar per e-post vil ikkje verte vurderte.

   

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til Hilde Nesse Tyssøy (e-post: hilde.nesse@uib.no) ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

  

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrar-bakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.


Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.


Etter søknadsfrist vil det bli oppnemnt ein komité som skal vurdere søkjarane. Søkjarar har innsynsrett i omtalen av deira faglege kompetanse. Søkjarar som ønsker innsyn kan kontakte saksbehandlar etter mottak av brev om oppnemning av komité.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    1. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154674
  • Intern-ID
    2018/6462
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger