Universitetet i Bergen

Klinisk institutt 1

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (psykiatri) ved Klinisk institutt 1, med arbeidsplass ved Stavanger Universitetssjukehus

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin i fire (4) år innan fagfeltet psykiatri (enten vaksenpsykiatri eller barne- og ungdomspsykiatri). Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved Stavanger universitetssjukehus og berre legar tilsett ved dette sjukehuset kan søke denne stillinga. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.


Ein stillingsomtale med nærare presisering av fagkrins og ansvarsområde, særlege plikter og andre tilhøve som det vert lagt vekt på ved tilsetjinga, finn du lenger ned på sida.

 

Utfyllande opplysingar om stillinga kan ein få ved å venda seg til instituttleiar professor Kjell-Morten Myhr, tlf.: 55 97 60 31 eller e-post: Kjell-Morten.Myhr@uib.no

 

Kvalifikasjonar

  • søkjarar må ha norsk doktorgrad i relevant fagområde eller tilsvarande kompetanse
  • den som vert tilsett skal undervise hovudsakleg i psykiatri

 

Det vert lagt vekt på erfaring med leiing av forskingsprosjekt, koordinering av forskingsaktivitet, og frå forskingsstrategisk arbeid. Vidare vert det lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

Undervisingsspråket er til vanleg norsk.


Løn

Førsteamanuensis vert lønt etter lønssteg 66 (kode 8028/lønsramme 24.8), for tida kr 586 500 eller lønssteg 68 (spesialist) for tida kr 607 700. Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing, og vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga. Løn er under justering. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.

 

 

Vi kan tilby

  • eit godt og internasjonalt arbeidsmiljø og spanande arbeidsoppgåver i eit fakultet med fagmiljø som hevdar seg godt nasjonalt og internasjonalt
  • faglege utfordringar med gode høve for personleg utvikling og kompetanseutvikling
  • god pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Du kan lese meir om kva Universitetet i Bergen kan tilby som arbeidsgivar ved å gå inn på nettsida: http://www.uib.no/poa/74687/hva-kan-universitetet-tilby-sine-medarbeidere

 

Retningsliner

Den som vert tilsett pliktar å ta del i undervising og eksamen etter dei studieordningane som gjeld til kvar tid og til utan godtgjersle å rette seg etter dei endringane som gjennom lov måtte bli vedtekne om fagkrins, pensjonsordning og aldersgrense.


Kvinner vert spesielt oppmoda om å søkje. Dersom dei sakkunnige finn at fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, vil reglane om kjønnskvotering i Personalreglementet for vitskaplege stillingar verte følgde.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.


Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Den som vert tilsett må rette seg etter dei retningslinene som til kvar tid gjeld for stillinga.


Søknad

Slik søkjer du stillinga:

 

Send søknad og CV som inneheld fullstending oversikt over tidlegare utdanning og tidlegare arbeid/erfaring, samt vedlegg elektronisk via lenkja «Søk stillingen» på denne sida.

Legg ved:

 

●         CV

●         vitnemål

●         attestar

●         fullstendig publikasjonsliste

●         liste med vedlegg som dokumenterer dine pedagogiske kvalifikasjonar

●          ei liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysning om kvar dei er offentleggjorde

●         vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga (maks 10 for førsteamanuensis) Kopier av desse i passande format (pdf) skal følgje med søknaden som vedlegg.

 

 

Det er særs viktig at kvart av dei vitskaplege arbeida som det skal takast omsyn til ved vurderinga i sin heilskap vert lasta opp som vedlegg til søknaden.


Søknadane vert sendt elektronisk til den sakkunnige nemnda.

 

Vi gjer merksam på at søknadar vert vurdert med den informasjonen som ligg føre i Jobbnorge når søknadsfristen går ut. Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at all informasjon er lagt inn innan fristen.

 

Ein viser elles til «Reglement for ansettelse i vitenskapelige stillinger og faglige/administrative lederstillinger».


Nærare om tilsettingsprosessen her.

 

Søknadsfrist: 05.08.2018

 

 

 

 

Stillingsomtale

Ved Universitetet i Bergen, Det medisinske fakultet, Klinisk institutt 1, er det ledig ei åremålsstilling som førsteamanuensis (20 % bistilling) i medisin (psykiatri) i fire (4) år. Bistillinga er knytt til fast hovudstilling ved Stavanger universitetssjukehus og berre legar tilsett ved dette sjukehuset kan søke denne stillinga. Arbeidsstad er ved dette sjukehuset.


Den som vert tilsett vil få delansvar for utforming og gjennomføring av undervisninga i fagfeltet psykiatri (enten vaksenpsykiatri eller barne- og ungdomspsykiatri) i samsvar med den til kvar tid gjeldande studieplan.

 

Om instituttet

Klinisk institutt 1 har om lag 240 tilsette, fordelt på ti fagseksjonar og Center for Cancer Biomarkers (CCBIO). Klinisk institutt 1: https://www.uib.no/k1

 

Forsking er ei hovudoppgåve for Klinisk institutt 1. Forskinga går føre seg i nært samarbeid mellom fleire einingar ved instituttet og institusjonen, og i nært samarbeid med helseføretaket og andre institusjonar. Den tilsette pliktar å medverka til aktiv rekruttering og forskingsrettleiing av studentar og stipendiatar. Det er ønskjeleg at forskinga vert knytt opp mot prioriterte forskingsområde ved Det medisinske fakultet.

 

Søkjarar må dokumentera undervisnings- og administrativ erfaring, og erfaring med populærvitskapleg formidling. Det vil vidare verte lagt vekt på dokumentert vilje og evne til samarbeid.

 

Den som vert tilsett har plikt til å ta del i undervisning og eksamensavvikling ved instituttet i dei studieprogram og etter dei studieordningar som gjeld til ei kvar tid.

 

Undervisningsspråket er til vanleg norsk. Det blir kravd at den som vert tilsett kan undervise på norsk eller eit anna skandinavisk språk innan to år etter tilsetjinga. Kurs vert tilbode.

Ein viser til dei generelle reglane ved universitetet om at innanfor si normale arbeidsplikt og faglege kompetanse kan den som vert tilsett også verte pålagt undervisning, rettleiing og eksamensarbeid utanfor den organisasjonseininga stillinga er knytt til.

Universitetet i Bergen understrekar at pedagogiske kvalifikasjonar skal tilleggjast reell vekt ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar. Søkjarane må dokumentere sine eigne pedagogiske kvalifikasjonar. Dette kan ein til dømes gjere ved å sende inn:


• prov for gjennomført pedagogisk utdanning
• evalueringsrapportar av søkjaren si undervisning
• oversyn over undervisningsomfang og -nivå
• oversyn over hovudfags- og doktorgradsrettleiing og resultat
• mottekne studentprisar
• eigne pedagogiske publikasjonar
• eigne undervisningskompendium og undervisningsmateriell
• rapportar som syner deltaking i prosjekt knytt til utvikling av undervisning, så som alternative undervisningsformer, rettleiing eller læringsmiljø

 

 

Tilsetjinga går føre seg på grunnlag av vurdering av ei vitskapeleg nemnd samt ei sjølvstendig vurdering av tilsetjande organ inkludert intervju og eventuell prøving av undervisningskompetanse.

 

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    5. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Stavanger
  • Arbeidssted
    Stavanger
  • Jobbnorge-ID
    154461
  • Intern-ID
    18/7214 (IVØI)
  • Omfang
    Deltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger