Universitetet i Bergen

Institutt for informasjons- og medievitenskap

Stilling som stipendiat i datajournalistikk ved Institutt for informasjons- og medievitskap


 

 


Ved Institutt for informasjons- og medievitskap er det ledig stilling som stipendiat i datajournalistikk. Tilsetting er for 4 år og 25% av samla tilsettingstid er arbeidsplikt som skal utførast ved instituttet.


Stillinga er lagt til instituttet si satsing i Media City Bergen (MCB) og vil vere knytt til forskingsgruppa i journalistikk. MCB er ei internasjonalt leiande, innovativ kunnskapsklynge på feltet medie- og kommunikasjonsteknologi. Den som blir tilsett vil utvikle sitt eige forskingsprosjekt som fører fram til doktorgrad. Som eit ledd i arbeidet blir det venta at kandidaten bidreg med undervisning på feltet og til fagleg dialog mellom forskingsmiljø og mediebransje.


Digitaliseringa av infrastrukturane i samfunnet utfordrar journalistikken på nye vis. Ny teknologi, sosiale medium og nye aktørar på nyhendefeltet har skapt grunnlag for diskusjon om nyhende si rolle i demokrati og samfunn. Store datamengder og aukande bruk av databaser og nye teknologiar gjer det viktig med kritiske blikk på korleis teknologi og informasjonssystem fungerer, korleis dei blir handsama og korleis dei kan gjerast betre. Algoritmar er ei stadig viktigare kjelde til kunnskap for dei fleste av oss. Datajournalistikken har særleg det siste tiåret dokumentert verdien av internasjonalt samarbeid på dette feltet. Internasjonale avsløringar som Panama Papers og Wikileaks er døme på den politiske krafta som ligg i datajournalistikken, og kor viktig den er for demokrati og ytringsfridom. Debatten om «fake news» fordrar mellom anna meir kunnskap om manipulering med algoritmar. Datateknologi er ein del av journalistikken, og teknologisk spisskompetanse er sentral i arbeidet med dei fleste nyhende, anten det handlar om undersøking, systematisering eller framstilling.

 

Arbeidsoppgåver/forskingsområde

Som stipendiat skal du styrke forskinga på området datajournalistikk. Det inneber utvikling og bruk av informasjonsteknologi i innsamling, analyse, og formidling av store datamengder til journalistiske formål, forutan analysar av slike teknologiar i ein journalistisk kontekst. Aktuelle forskingsområde inkluderer menneske-maskin-interaksjon (HCI), statistisk analyse, «crowdsourcing», «data mining», datavisualisering, mediedesign, «algorithmic accountability», informasjonsattfinning og kunstig intelligens, prosessering av naturleg språk (NLP) og anna.

 

Du bør ha følgjande kvalifikasjonar

  • Relevant mastergrad, eventuelt innlevert masteroppgåve. Aktuelle fagområde kan vere informasjonsvitskap, informatikk, medievitskap, journalistikk, eller liknande kompetanse. Mastergrad må vere oppnådd før tilsetjing

  • Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilhet.

  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert, til å arbeide i tverrfaglege team, og til å drive seminar og workshops

  • God kunnskap i engelsk munnleg og skriftleg

  • Programmeringskompetanse vert tillagt vekt

  • Erfaring med forsking på informasjonsteknologi vere ein fordel

Dersom du er aktuell kandidat vil du bli intervjua i forkant av tilsetjing

 

Om stipendiatstillinga:

Samla stipendiatperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan ein korte ned tilsetjingsperioden. Ei utgreiing av forskingsprosjektet er ein del av søknaden.

 

Om forskarutdanninga:

Som stipendiat skal du delta i forskarutdanninga ved UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein PhD.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfang av utdanningsbakgrunn må svare til femårig, norsk masterutdanning, inklusive ein toårig mastergrad som omfattar ei masteroppgåve, eller tilsvarande. Mastergraden skal vere innanfor det fagområdet det blir søkt opptak om.

 

Vi kan tilby:

  • Jobb i ei pulserande medieklynge med innovativt miljø og gode fasilitetar

  • Løn etter lønssteg 50 (Lpl.17.515, st. kode 1017, LR20.8) ved tilsetjing. Dette utgjer ei årsløn på kr. 435 500,- brutto. Løna er under justering med omsyn til nye hovudtariffavtalar. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet i stillinga

  • Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervisning.

  • Medlemskap i Statens pensjonskasse

  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)

  • Gode velferdsordningar

 

Prosjektet

Ein plan for forskingsarbeidet i form av ei prosjektskisse på 3-5 sider skal følgje søknaden. Prosjektskissa skal innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet og ein publiseringsplan. Den skal gjere greie for problemstillingar og materiale, samt val av teori og metode. Det vert lagt til grunn at det er realistisk å gjennomføre prosjektet i løpet av tilsetjingsperioden. Eit budsjett for driftsutgifter må setjast opp.

 

Søknaden skal innehalde:

  • Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga

  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve

  • Prosjektskildring

  • CV

  • Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad

  • Relevante attestar

  • Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)

  • Eventuelle publikasjonar (inkludert masteravhandling eller tilsvarande)

  • Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bedne om å sende inn ein oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida «Søk på jobben».

 

Rettleiing for søkjarane til stipendiatstilling kan ein finna på websida http://www.uib.no/svf/forskning/forskerutdanning-ved-det-samfunnsvitenskapelige-fakultet/opptak-til-forskerutdanningen/stipendiatstillinger-ved-uib eller ved å vende seg til post@svfa.uib.no.

 

Søknaden må merkas: 18/7071

 

Søknadsfrist: 15. august 2018

 

Søknader utan prosjektskisse eller søknader som vert sendt på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for sakkyndig vurdering.

 

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar professor Leif Ove Larsen, tlf. 55 58 41 16, e-post: leif.larsen@uib.no.

 

Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til seniorkonsulent Bodil Hægland, e-post: bodil.hagland@uib.no eller tlf. 55 58 90 53.

 

Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si forskarutdanning. Nærare opplysningar om forskarutdanninga kan ein finna på http://link.uib.no/?TnwW. Eventuelle spørsmål om forskarutdanninga kan rettast til seniorkonsulent Hanne Gravermoen, e-mail: hanne.gravermoen@uib.no, tlf: +47 55 58 90 68.


Undervisningsspråket er til vanleg norsk.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    15. august 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154428
  • Intern-ID
    18/7071
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Standard CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger