Universitetet i Bergen

Institutt for fysikk og teknologi

Tekst: Løft blikket. Ta del i kunnskapen.

Stipendiat i romfysikk ved Birkeland Centre for Space Physics (BCSS)

Ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet I Bergen er det ledig ei stilling som stipendiat i romfysikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på 4 år og knytt til Birkeland Centre for Space Science (BCSS).

 

Om prosjektet/arbeidsoppgåver

 

The Birkeland Centre for Space Science (BCSS) er organisert i to instrumentgrupper, ei formidlingsgruppe og fire forskingsgrupper, som skal svare på spørsmåla:

 

1) When and why is the aurora in the two hemispheres asymmetric?

2) How do we get beyond the static large-scale picture of the ionosphere?

3) What are the effects of particle precipitation on the atmospheric system?

4) What is the role of energetic particles from thunderstorms in geospace?

 

Kandidaten vil vera ein del av forskingsgruppa som fokuserer på spørsmål 3. Eit hovudfokus for denne gruppa er å forstå kjemiske og dynamiske effektar i den nøytrale atmosfæren forårsaka av energirik partikkelnedbør. Energirike elektron og proton, fanga i jordas magnetfelt, kan kollidera med gassane i atmosfæren. Kor djupt dei trenger ned i atmosfæren avheng av energien deira. Dei fleste partiklane vert stoppa over 100 km. Andre gongar, ved utbrot på sola eller når solvinden har stor fart, kan dei nå så djupt som 50 km over bakken. Kollisjonane innleiar ei rekkje kjemiske reaksjonar som aukar produksjonen av NOx og HOx gassar. Desse gassane kan i sin tur bryta ned ozon som er viktig for energibudsjettet i atmosfæren. Dersom ein endrar mengda ozon ved om lag 50 km, kan ein forandra temperatur og vindar i dette området.

 

Me nyttar målinger basert på TED og MEPED detektorane om bord NOAA/POES og EUMESAT/MetOP satellittane for å studera nedbøren av elektron i atmosfæren med energi 1-750 keV. PhD arbeidet vil fokusera på naturen til elektronnedbøren med målsetjing å utvikla ei parameterisering. PhD arbeidet vil også implementera den beste energiavsetningsmodellen for partiklar som påverkar atmosfæren slik at målingene kan verta brukt i observasjonsanalyser og atmosfæriske modellar.

 

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning innanfor romfysikk eller eit relatert fagfelt, eller ha levert masteroppgåva til vurdering innan søknadsfristen er ute. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg flytande.

Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telle ved vurdering av kandidatane.

 

Særeigna krav for stillinga:

  • Kandidaten må dokumentera kunnskap om og ha erfaring med minst eitt av dei følgjande tema:

1) fysikken relatert til partikkelnedbør i atmosfæren

2) kjemiske effektar av partikkelnedbør i den polare middlare atmosfæren (50-100 km)

 

  • Du må ha gode ferdigheiter innan programmering. Erfaring med MATLAB er eit føremon.

  • Erfaring med å arbeida med store datasett og statistisk analyse er eit føremon.

 

Om stipendiatstillinga

Samla stipendperiode er 4 år, der 25 % av tida er pliktarbeid, knytt til forsking, undervisning og formidling.

 

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

 

Om forskarutdanninga

Som stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Endeleg plan for gjennomføringa av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre månader etter at du har teke til i stillinga. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.

 

Vi kan tilby:

  • eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • løn etter lønssteg 50 (kode 1017 /LR20, alternativ 8) i det statlege lønnsregulativet. Dette utgjer ei årsløn på kr 436 900,- brutto. Vi gjer merksam på at det statlege lønnsregulativet er under justering. Vidare opprykk skjer etter tenesteansiennitet.
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
  • relevante attestar
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.

 

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til forskar Hilde Nesse Tyssøy (e-post: hilde.nesse@uib.no) ved Institutt for fysikk og teknologi ved Universitetet i Bergen.

 

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

 

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

 

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.

 

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

 

Nærare om tilsettingsprosessen her.

Søk stillingen

Om stillingen

  • Søknadsfrist
    3. juli 2018
  • Arbeidsgiver
    Universitetet i Bergen
  • Nettside
  • Kommune
    Bergen
  • Jobbnorge-ID
    154291
  • Intern-ID
    2018/6463
  • Omfang
    Heltid
  • Varighet
    Åremål

Om søknader

  • Søknader for denne stillingen registreres i et elektronisk skjema på jobbnorge.no
  • Du må fylle ut: Akademisk CV
  • Vennligst opplys i søknaden hvor du først så stillingsutlysningen!

Se mer

Finn andre stillinger